Ymse observasjonar og refleksjonar frå ein liten by ved breidda av Malawisjøen.
Viser innlegg med etiketten Kvardagsliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kvardagsliv. Vis alle innlegg

mandag 22. april 2013

Kunyumba



Nyumba er ordet for hus på Chichewa, som er det offisielle språket i Malawi, i tillegg til engelsk. Kunyumba betyr direkte oversett ved, til eller i huset. Når ein har helsa på t.d. ein kollega, og spurt korleis vedkommande vakna (mwadzuka bwanji?), korleis dagen har vore (mwaswera bwanji?) eller berre generelt korleis det går (muli bwanji?), alt etter situasjon og tid på dagen, spør ein gjerne korleis det går ”kunyumba”. Då lurer ein ikkje på korleis det står til med sjølve bygningen, men heller om alt står bra til heime, inkludert alle familiemedlemmar.

Sånn ser huset mitt ut, sett frå porten.


Som (relativt veldig) rik nordmann her, har eg mitt eige hus – nyumba yanga – med eigen hage. Kunyumba er det ganske greitt. Eg treng ikkje å vaske huset sjølv, eller kleda mine, til slikt har eg hushjelp. Blessings heiter ho, og stryk til og med trusene mine. I tillegg har eg vakter, som i tillegg til å opne porten når eg kjem køyrande, steller hagen, vaskar bilen og gjer anna arbeid som trengs rundt huset. Når hunden min, Joy, treng eit bad, er det felles innsats av vakt og hushjelp som sørgjer for rein, om noko fornærma, hund. Mat og slikt til Joy treng eg også berre tenke på når det er naudsynt med innkjøp, elles tek Blessings eller vaktene seg av slikt.

Joy står i ro og finn seg i å bli vaska, men det er tydelig at ho ikkje er veldig nøgd med handsaminga. Etterpå går ho bak huset og furtar ei stund, før ho gløymer heile fornærminga og kjem springande tilbake for leik eller kos.


Det negative med nyumba yanga er at standarden er så som så. Som at ingen av dørene eller vindauga passar i karmane sine, at veggane smuldrar opp, sakte, men sikkert, at dei insektnetta som ikkje er hol i gjer at vindauga ikkje kan opnast. Eller at eg og vakta mi brukte ein heil laurdags formiddag på å få hengt opp boksesekken min i stua, festa i takbjelkane, for så å oppdage at eit middels hardt slag fekk heile taket til å knake og takvifta til å svaie faretrugande. Då er det igjen fint å ha tilsette som kan ordne, sjølv om ikkje alle løysingane er like haldbare eller vakre (eg skal jo trass alt berre bu her knappe ni månadar til). Så no har eg boksesekkstativ i hagen!

Etter mykje tenking, noko prøving og ditto feiling, har eg no ei løysing  som faktisk fungerer. Og eg har starta treninga, akkurat i tide til at ferien kan sabotere.


Om huset er dårleg bygd og ikkje spesielt vakkert, har det likevel absolutt sine positive sider. Det er relativt høgt under taket og luftig (ekstra luftig når det bles, sidan nokre av vindauga ikkje kan lukkast lenger), og romsleg. Eg har stue, spisestue, gjesterom, vakt-/hushjelprom, gjestetoalett, relativt stort soverom, med eige bad, og eit bitte lite kjøkken. Då eg kom hit var her sparsamt møblert, men sakte (og noko usikkert) får eg fleire møblar. Eg har no spisebord med tilhøyrande stolar, ein komfyr som faktisk fungerer, og eit garderobeskap! Sistnemnte er fekk eg riktig nok før treet hadde tørka skikkelig, sånn at kleda eg har lagt i det både blir fuktige og luktar av tre og lakk. Men eit par dagar i hagen i solsteiken ordnar nok det problemet.

Kreative løysingar på uvante problem fører til at hagen min i det siste har sett litt ut som eit kunstprosjekt. Sjølv om eit skikkelig kunstprosjekt hadde hatt ein fotograf som faktisk klarte å få biletet skarpt. Jaja, i ettermiddag skal skapet på plass! Håpar det er tørt...

Her er fleire bilete av huset - inni og utanfor:


Stua mi. Inst i gangen er soverommet mitt.




Senga mi, for høvet ikkje oppreidd. Vanlegvis sørgjer
Blessings for at alt er strøkent. Heller ikkje på dette
biletet: den nye dyna eg har skaffa meg. Ja, eg har blitt
aklimatisert. 


Hagen min fungerer også som parkeringsplass, noko som iblant går litt hardt utover graset. Men blomsterbeda er kjempefine!


Stas med blomster i hagen - spesielt når nokon til og med sørger for å halde dei i live!


Joy!

tirsdag 16. april 2013

Kvardagen


No er det fryktelig lenge sidan eg har oppdatert bloggen, og eg beklagar til dei som er trufast inne kvar dag og sjekkar. For så vidt til resten av dykk også. For dei som ikkje også følgjer bloggen til Thomasog Cecilie kan eg nemne at sidan sist har eg vore på ein liten påskeferie til Nkhata Bay og hatt besøk av ein delegasjon frå Flora vidaregåande skule. I tillegg er det som vanleg hektisk, og har ikkje heilt hatt ork til å skrive blogginnlegg.

Eg nemnte i innlegget om trafikk at det er mange ting som no verkar veldig kvardagslige, som eigentleg er ganske sære og eksotiske. Noko som er litt frustrerande, fordi eg blir usikker på ikkje berre om eg klarer å formidle korleis det er å bu her som nordmann, men også om eg no har mista litt innsikta i korleis ein nordmann vil oppfatte ulike sider av det malawiske samfunnet. Enkelte ting er openbert at de vil meine er sært, som at dei fraktar geiter tjora fast til bagasjebretta på syklane (har også – to gongar! – sett folk med dobbelseng på bagasjebrettet. Mens dei syklar!). Og det er veldig klisjéstereotypt og eksotisk og fint med alle damene som går rundt i fargerike afrikanske stoff med ein unge knytt fast på ryggen og tjue liter vatn på hovudet.

Mary, ein amerikansk Peace Corps-deltakar som har vore her i to år, og nettopp har reist heim, hadde ei god forklaring: ”That’s because this is your life now.” Og det er heilt sant. Eg hadde trudd det skulle ta lenger tid, men eg har no starta å tenke på Nkhotakota som heime, i alle fall litt. Denne kjensla vart også forsterka av å ha besøk frå Florø veka etter påske, der vi fungerte som vertskap.

Men sjølvsagt er det annleis, og sjølvsagt er det eksotisk. Cecilie har skrive ei svært god skildring, som eg kjenner meg veldig att i. Thomas har også tatt tastaturet fatt, og skrive eit strålande innlegg om fattigdom, bistand og om endring til det betre er mogleg. Les!

Meir frå meg seinare, eg har mellom anna ein kronikk på lur. Og neste veke får eg besøk frå Norge, Pia kjem! Så då blir det ferie, og heilt sikkert nokre oppdateringar frå den etter kvart.

mandag 25. mars 2013

Oppdatering

Sidan sist:

- bursdagsfest for Cecilie. Leide kultursenteret, med catering. I tillegg hadde Cecilie bakt bollar og eg sjokoladekake. Legg til nokre kasser brus og øl, PA-anlegg med ymse variantar av happy birthday + mykje dansbar afrikamusikk, så får de eit lite inntrykk av stemninga.

- fått den nye bilen vår, ein traktor av ein landcruiser (sjå bilete under).

- kjørt ny landcruiser til, rundt omkring i, og tilbake frå Lilongwe. Stas.

- fått ny vatnkokar, komfyr, boksesekk og spisebord med stolar. Alt frakta i nemnte Landcruiser, sistnemnte på taket (sjå igjen bilete under). Startar å kjenne meg som ein ekte malawier.

- planta tre på ein barneskole med The Young Women Can Do It Club, alle (inkludert trea) også frakta i (no nemnt til det keisammelege) landcruiser.

- besøkt ein gammal mann i ein landsby for å høyre korleis det var i gamle dagar

- besøkt den nye dattera til kollega Andrew. Kjempesøt!

- mange andre ting som eg ikkje gidd å fortelle om, for no må eg i eit møte.

- planlagt neste veke, som inneber enno meir reising enn denne. Men litt av det er ferie, som blir veldig stas.

Re: - prøvd å laste opp dette innlegget fleire gongar dei siste to dagane. Og no er eg i Lilongwe - igjen. Jaja, det er eit vakkert land å køyre rundt i!








fredag 15. mars 2013

Tut i tide



I går snakka eg med mi gode venninne Tove på Skype, vår første samtale sidan eg kom til Malawi. I tillegg til at det var veldig stas å snakke med ho, vart eg merksam på kor mykje av dagleglivet her eg no tar for gitt – samstundes som det eigentleg er veldig annleis enn i Norge og strengt tatt ganske eksotisk. Slike ting kan det kanskje også vere interessant å dele her på bloggen, så her kjem eit innlegg om trafikk:

Det er ikkje veldig mange bilar som køyrer rundt i Malawi, i alle fall ikkje utanfor dei store byane. Noko som ikkje betyr at det er einsamt å ferdas langs vegane. Tvert om, på ein køyretur møter du alltid høner, geiter, laushundar, ein og annan merkeleg sau, og ikkje minst mengder av syklistar og fotgjengarar. Og det mest utfordrande med å køyre sjølv er ikkje at rattet er på feil side av bilen, giring går føre seg med venstre hand, og at alle (altså ikkje mange) møtande bilar passerar på høgre side – speglvendtkøyring går det forbausande raskt å venne seg til.

Dette skulle eigentleg vere eit litt morosamt innlegg om korleis det er å køyre i ein trafikkultur der det viktigaste trafikktryggingstiltaket er å sørgje for at hornet på bilen er i god stand. Tuting er kommunikasjonsmåte nr ein i trafikken i dette landet, og heller enn å signalisere at du er ein hissig bilist som er i ferd med å miste hovudet, betyr det ganske enkelt ”pass på, her kjem eg”. Sjølvsagt kan det også bety ”kom deg til h**** vekk!”, men som oftast er det ganske vennlig og lystig tuting.

Å skulle tute på folk og dyr utan at dei har gjort noko anna enn å ferdast langs vegen tok litt tid å venne seg til, men verkar stadig meir naturleg. Enno lenger tid tok det å lære seg riktig timing på tutinga. I starten venta vi for lenge med å gje melding til vinglete syklistar om at det no var ein bil bak dei. Resultatet av slikt blir gjerne at dei ser seg over høgre skulder (hugs, her har vi venstrekøyring), korpå sykkelen skjenar utover i vegen, før dei overkompenserar når dei ser kor nært bilen er, og kanskje hamnar i grøfta – eller det blir nesten ei nestenulykke. Om du derimot tuter i tide, har dei tid til heile runddansen utan å miste kontroll.

Stort sett fungerer tutinga ganske så bra. Men at det ikkje er eit fullgodt trafikktryggingstiltak vart vi påmint i dag tidleg. Då fekk vi vite at ein nevø av ein kollega vart påkjørt og drepen i går. Rett nok av ein minibuss, som er berykta for å vere farlege for både passasjerane og alle rundt, men det kunne vore framfor vår bil at det plutselig sprang ein unge.

Eg veit ikkje meir om korleis denne ulykka hendte, men nevøen til kollegaen vår vart berre 13 år. I dag har vi vore i gravferd. Det var veldig trist, men også fint å få vere med. Vi vart påmint at trafikken tek mange fleire liv i dette landet enn talet på bilar skulle tilseie, men også at døden i Malawi er ein del av livet på ein heilt annan måte enn heime. Kanskje eg skriv meir om det seinare.




søndag 24. februar 2013

Fish Eagle Bay, baby!

Jada, eg veit eg sa at eg skal skrive oftare. Og at det no er lengre enn lengst sidan sist eg skreiv. Men er framleis hektisk her - sidan sist har eg (mellom anna):


  • laga pizza her for første gang. Ikkje veldig vellykka, dels skuldast dette den skrekkelige osten, som ifølgje Josh (amerikansk fredskorpsfrivillig som vi er ein del saman med) er heilt lik den vederstyggelege spray cheese'en som dei har i USA, dels at ovnsdøra mi ikkje kan lukkast skikkelig, slik at botn aldri vart gjennomstekt. Men har blitt lova ny ovn, og har kjøpt kjevle i hovudstaden! Så dette kan berre gå framover :)




  • vore i bursdagsfest til kona til sjefen, festa og dansa heile natta sidan sjefen insisterte på at vi måtte sjå soloppgangen før vi gjekk heim
  • gitt beskjed til vakta mi om at det ikkje er greitt at han ikkje kjem på jobb fordi det regnar
  • vore ein tur til i Lilongwe for å fornye visum. På turen dit satt vi på i ein lastebil, seks stykker satt inni førarhuset, der det er to seter. Resten satt på lasteplanet. På vegen heim brukte vi denne skjønne saken, som vi har leid for ein ikkje altfor dyr penge:




  • banna og steika litt over Blogger og manglande moglegheiter til redigering (akkurat no)
  • endelig fått møte snekkaren som skal ordne insektnett foran dører og vindauge i huset mitt. Han skulle eigentleg starte arbeidet for to veker sidan - no er han i gang! Veit ikkje heilt kor mykje det vil hjelpe, sidan ingen av dørene eller vindauga passar i rammene sine, og det uansett er store glipper som ein katt lett ville komme seg inn gjennom. Menmen, han er i gang! Dessutan har eg kjøpt meg stort myggnett til senga mi i Lilongwe, pluss ny pute, så no er det skikkelig luksus å sove i senga mi.
  • ikkje minst: tilbrakt heile denne helga, altså to netter, på lodgen Fish Eagle Bay. På stranda, ved innsjøen. Paradis.












  • leika i vatnet, spilt tennis, blitt solbrent. Kost meg ihjel.


I morgon blir det - nok ein - tur til Lilongwe. Sukk. Men skal kjøpe bil! Har endelig fått ordna med pengar, det å faktisk få pengar frå Norge til Malawi er den største utfordringa når ein skal kjøpe bil. Men takka vere Nikolai, ein annan nordmann og FKar som bor i Kasungu, er vi no fullt utrusta til å faktisk få vår heilt eigne bil! Hurra! Skal prøve å oppdatere snart, må jo legge ut skrytebilete av bilen, om ikkje anna. Klemz!

torsdag 14. februar 2013

Azungu!

Å gå rundt i Nkhotakota er ikkje heilt som å gå rundt i Bergen eller Florø. Eller Oslo eller Barcelona, for den saks skuld. Spesielt dei første dagane minna det å gå frå huset til kontoret, om lag 15 minutt medium til rask gange, ikkje særleg mykje om å komme seg på jobb i Norge. Meir som å vere den nye attraksjonen i dyrehagen. Eller kanskje det er litt slik det er å vere kjendis? Skikkelig verdskjendis i ei lita norsk bygd, altså, ikkje som statsministeren i Oslo.

Reaksjonane til dei forbipasserande (eller dei som kjem springande til, som ungar i alderen 2-12) varierer veldig. Men den norske måten å forholde seg til framande om morgonen på, altså ikkje i det heile tatt, gjeld mest ikkje for nokon grupper. Dei fleste nøyer seg med å stirre. Openlyst og lenge. Nokre ser morske ut, nokre smiler eller til og med ler, dei fleste berre forvirra eller nysgjerrige. Så har du ein god del som helsar, stort sett med spørsmål om ”how are you?” eller liknande. Til dei er det veldig hyggelig å smile og svare jo, takk, berre bra, kva med deg?

Den siste gruppa kan det vere vanskeleg å vite om prøver å oppnå kontakt med deg, eller om dei berre ropar til andre eller seg sjølv? Nokre av dei prøver definitivt å få kontakt, men for andre kan det høyrast ut som eit alarmskrik – spesielt ungane. Azungu! ropar dei, så strøymer det til ungar som glor og fnisar eller ser sjenert vekk. Eller prøver seg med ein ”give me my money” eller ”give me money” eller ganske enkelt ”money”. Nokre har skjønt at dette ikkje er særleg effektivt, så dei prøver seg med ymse variantar der money er bytta ut med bottle. Her, som i Norge, er det nemlig pant på flasker.

Den gangen eg har kjent meg mest på utstilling var då eg tilfeldigvis gjekk aleine nedover vegen rett etter ein fotballkamp var over. Då gjekk eg motsett veg som nokre hundre menn, som alle saman stirra medan dei gjekk forbi. Den søtaste episoden var då ein unge på maks halvanna år, som satt bakpå sykkelen til faren, såg svært morskt på meg mens han prøvde å seie azungu.

Azungu betyr ”kviting”. Eller, eigentleg betyr det kvitingar, altså fleirtal – eintalsvarianten er mzungu. I starten trudde eg dei ropte azungu fordi eg alltid gjekk saman med Thomas, og det då sjølvsagt var to av oss. Men dei heldt fram med fleirtalsvarianten også etter han og Cecilie flytta til det andre huset, og eg går aleine til jobb. Det viser seg at dette er ein meir høfleg måte å rope kviting på. På chichewa er det nemlig veldig viktig å vere høflig, og ein vanleg måte å uttrykke respekt på, er å bruke fleirtalsform. Slik som De eller Dykkar på norsk (i ”gamle dagar”).

Etter kvart har det blitt mindre azungu!, når folk no har begynt å kjenne meg att. Til gjengjeld er det fleire som helsar, både på engelsk og chichewa. No når eg ikkje lenger går saman med ein mann er det mange fleire unge menn som kjem bort og helsar, og kanskje til og med spør kva eg heiter. Men også søte, godt vaksne damer, på veg til jobb om morgonen smilar til meg når eg går forbi. Når eg då spør ”muli bwanji?” – korleis går det? – blir dei veldig glade, svarar høfleg og takkar. Kanskje dei ler litt av meg etterpå også, men det er tydeleg at dei set pris på slike hyggelege utvekslingar av frasar, og at eg har lært meg det på deira språk. Eg gler meg til å bli kjent med enno fleire, og ikkje minst lære meir chichewa!

Dette er den gamle flystripa eg kryssar diagonalt kvar morgon.
Rett fram, ca der trea er, ligg huset mitt.

Og dette er andre vegen, ned til venstre ligg sentrum.
Skal legge ut bilete av både byen og huset mitt etter kvart.


onsdag 13. februar 2013

Vatn

Framleis ikkje vatn i huset, men plenty utomhus! (Sjølv om det ikkje er så lett å sjå på dette biletet.) Har kjøpt meg ny paraply, sidan eg gløymte den første heime i dag - no har eg to :) visstnok skal det kraftigaste regnet komme i slutten av månaden og i mars, så greitt å vere budd.



tirsdag 12. februar 2013

Alt er relativt

Går no inn i andre døgn utan vatn i huset. Sjølvsagt irriterande, men med hushjelp som kan gå og hente vatn i bøtte går det heilt greitt. Om ikkje anna gjer det at eg set større pris på å ha innlagt vatn til vanleg! Etter å ha komme litt for seint på jobb (fordi ting tar litt lengre tid når vatnet må hentast ein km unna i staden for i springen), oppdaga eg at her er ikkje straum i dag, og derfor heller ikkje internett. Då er det fint med iPad! Så får eg testa ut Blogger-appen her og :)

Har også lasta ned app til mobilen, og prøvd å laste opp bilete, men alt kan jo ikkje fungere som planlagt... Førebels berre internettilkopling på mobilen med wi-fi (av ein eller annan grunn får eg ikkje kopla meg til via mobilnettet). I går ville den ikkje kople til der heller, og i dag er det ikkje nett i det heile. Jaja, vi får satse på at eg får ordna nokre bilete etter kvart - og at vatn og straum bestemmer seg for å komme tilbake. I det minste har eg vatn på kontoret, og straum heime, så eigentleg kan eg ikkje klage.

fredag 8. februar 2013

Livsteikn

Her går det unna. Hadde jo eigentlig tenkt å oppdatere bloggen mykje oftare enn dette, men jammen er det gått over ei veke sidan sist. Hektisk har det vore, har stort sett program heile dagane, og om kveldane er det mat og elles ikkje tid til så fryktelig mykje anna. Ein ny tur til Lilongwe har eg vore og, på ny fikserunde. Det er nok litt fordi det framleis er mykje praktisk styr som følgjer med å flytte til nytt land og nytt hus, spesielt når huset har ein heil del manglar både innvendig og utvendig.

Og internett er det best å bruke på kultursenteret, der det faktisk fungerer strålande etter arbeidstid (når ikkje alle tilsette i offentleg administrasjon og kundar på internett-kafeen prøver å bruke same wi-fi’en på ein gong). Problemet med å bruke internett på kultursenteret etter arbeidstid er at det veldig fort blir mørkt. Det er for så vidt ikkje eit problem i seg sjølv, men når eg då skal heim, er det ikkje veldig fristande å gå aleine eit kvarter i stupmørket over ei gammal gjengrodd flystripe, med flust av laushundar og ymse folk (dei fleste heilt sikkert normale, hyggelege menneske, men også nokre rusa og gale – tilsynelatande).  Sannsynlegvis hadde det vore heilt trygt, men det kan eg ikkje vite, og for meg er det veldig uvant å ikkje kjenne meg trygg.

Problemet med å komme seg heim om kvelden løyser seg forhåpentleg ganske snart; eg skal kjøpe meg bil! Det gler eg meg veldig til, spesielt å sleppe å vere avhengig av at nokon kan følgje meg eller køyre meg heim. Då kan eg ta meg ein tur til kultursenteret og bruke internett akkurat når eg vil, eller på besøk til folk – eller berre slappe av heime i vissa om at eg kan dra ut, om eg vil.

Eg skal prøve å blogge ofte og kort, heller enn sjeldan og langt. Vi får sjå korleis det går – det skjer så mykje, og det er så mange ting eg tenkjer at eg burde skrive om, at det veldig fort framstår som ei overveldande oppgåve å i det heile tatt skulle begynne. Men eg jobbar med å ikkje vere så pirkete, og heller berre skrive. Som no, denne teksten har eg skrive på 15 min på kontoret, mest for å komme i gang igjen og senke lista for meg sjølv. Eg har også lovt meg sjølv å bli flinkare på bilete-fronten, men det er ein av dei tinga som bidrar til at blogg-oppgåvene kjennast store og tidkrevjande, så de får bere over med meg J

Til slutt må eg understreke at eg har det veldig bra! Der er framleis mykje å ordne i huset (t.d. insektnett framfor dører og vindauge…), her er ganske mange bugs å venne seg til, eg har førebels ikkje bil og må på møte kl halv ni laurdag morgon. Men folka er utruleg hyggelege, jobben kjempeinteressant og toleransen min for sære bugs overalt blir styrka i overraskande tempo – dessutan er det desidert verst no i regntida, noko som betyr at det blir færre av dei samstundes som eg bryr meg mindre og mindre. Og etter møtet mitt på laurdag (om veret er bra) skal vi på stranda!

Dette vart ganske tilfeldig, og litt usamanhengande, men no er eg i alle fall i gang igjen. Meir snart, eg lovar!

Dette biletet burde vore rotert 90 gradar mot klokka / venstre. Det trudde eg då og at eg hadde gjort, men det ser ikkje slik ut. Sidan eg ikkje gidder å bruke meir tid på det no, får de heller legge hovudet på skakke når de skal studere den nydelige kattungen vi hadde med tilbake frå Lilongwe. Den andre (ja, det var to) er ikkje med på biletet, men er på fanget til Cecilie i setet ved sida av. Thomas og Cecilie skal ha den eine, den andre skal Jack ha. Ingen katt på meg altså, men eg har jo Joy! Uansett blir det heilt sikker oppdateringar på både hund og katt, med høvelege bilete. Forhåpentleg rett veg.


Denne gongen tok vi ein annan veg tilbake frå Lilongwe, om Kasungu. Det var lenger, men også veldig vakkert. Eg gler meg til å sjå meir av landet, og prøve å vise dykk kor flott det er her! Her har eg tatt bilete frå bilen, i fart. Seinare var eg sjåfør også, og det var overraskande lett å køyre på feil side av bilen og vegen. Kanskje fordi det ikkje var så fryktelig mange andre bilar, det vil vise seg når eg etter kvart skal køyre rundt i eigen bil.


torsdag 31. januar 2013

På plass!




Endelig i Nkhotakota! Min nye heim for det neste året. Etter to veker i usakleg luksus på Fredskorpset sitt førebuingskurs i Sør-Afrika (les meir om kurset og hotellet på Thomas sin blogg), kom vi fram til Lilongwe på søndag. 


Endelig i Malawi! På veg frå flyplassen til Lilongwe


Kuche betyr daggry,
og namnet skal
fortelle at du kan
drikke det heile natta

Sidan hovudstaden har fleire av dei tenestene vi treng i starten enn her – minibank, telefonbutikk, generelle shoppingmoglegheiter – tok vi inn på Welcome Lodge for å bli over til måndag. Eit heilt ok koseleg lite gjestehus, sjølv om manglande vatn og deretter straumbrot gjorde standarden litt lågare enn planlagt. Men eit godt måltid, lokalt øl i glaset og fotball på skjermen meir enn vog opp for manglande vatn på rommet. Dessutan kom det ein mann og fylte opp cisterna på do fleire gongar, så då var det lite å klage på.







Etter mykje køyring att og fram, fiksing, handling og litt for lite mat (viste det seg), sette vi kursen nordaustover, mot Nkhotakota. Køyreturen tok ca tre timar, der Malawi viste oss både strålande sol og kraftig regnver. 

Vi fekk sjå mykje ulikt afrikansk ver på
turen frå Lilongwe til Nkhotakota


Vi var sjølvsagt spente på korleis vi skal bu det kommande året, både byen og husa. Sidan det eine huset er under oppussing, hadde vi avalt å bu saman i det andre den første veka. Første møte med huset vart noko tøffare enn forventa. Sjølvsagt var vi budde på at standarden ikkje kom til å vere veldig høg, men vi hadde nok trudd det skulle vere noko meir klargjort for oss enn det vi opplevde. Då vi kom fram, ein halvtime før det vart mørkt, var det berre seng i eitt rom i huset. Der var nesten ikkje møblar, insektnetta foran vindauga var anten holete eller ikkje der i det heile. Over senga var der ikkje myggnett. Og huset krydde av insekt, inkludert den største kakerlakken eg nokon sinne har sett.


Nokre handverkarar, litt kortare sengebein så senga kom gjennom døra, eit par nye myggnett og ein heil del insektspray seinare, var utsiktene til å tilbringe natta der noko lysare. Legg til middag på kultursenteret og eit par øl på ein av dei små pubane, og vi sov søtt under myggnetta våre første natta. 

I dagslys er jo alt som kjent mykje lettare, og når tysdagen kom såg vi lysare på tilveret. Med heftig spraying av huset (brukte opp ein stor boks Doom det første døgnet), er det nesten ingen bugs att. Mesteparten av tida har vi forsåvidt brukt andre plassar; på jobb, på kultursenteret og på pub der vi har sett fotball. Når vi kjem meir i orden og litt meir inn i kvardagen, blir det nok kvalitetstid heime også. Der bur verdas skjønnaste og mest entusiastiske hund: Joy! Meir om ho, jobben (som eg trur blir kjempespennande), mobiltelefonar, fotball, bilkjøp og mykje anna seinare. Zikomo!

Kafekontor på kultursenteret - Thomas, Robert og Jack, i bakgrunnen Josh


Veldig stilig konstruksjon av kultursenteret

I Nkhotakota er det
ikkje så viktig med veggar