I går snakka eg med mi gode venninne Tove på
Skype, vår første samtale sidan eg kom til Malawi. I tillegg til at det var
veldig stas å snakke med ho, vart eg merksam på kor mykje av dagleglivet her eg
no tar for gitt – samstundes som det eigentleg er veldig annleis enn i Norge og
strengt tatt ganske eksotisk. Slike ting kan det kanskje også vere interessant
å dele her på bloggen, så her kjem eit innlegg om trafikk:
Det er ikkje veldig mange bilar som køyrer rundt i
Malawi, i alle fall ikkje utanfor dei store byane. Noko som ikkje betyr at det
er einsamt å ferdas langs vegane. Tvert om, på ein køyretur møter du alltid
høner, geiter, laushundar, ein og annan merkeleg sau, og ikkje minst mengder av
syklistar og fotgjengarar. Og det mest utfordrande med å køyre sjølv er ikkje
at rattet er på feil side av bilen, giring går føre seg med venstre hand, og at
alle (altså ikkje mange) møtande bilar passerar på høgre side – speglvendtkøyring
går det forbausande raskt å venne seg til.
Dette skulle eigentleg vere eit litt morosamt
innlegg om korleis det er å køyre i ein trafikkultur der det viktigaste
trafikktryggingstiltaket er å sørgje for at hornet på bilen er i god stand. Tuting
er kommunikasjonsmåte nr ein i trafikken i dette landet, og heller enn å signalisere at du
er ein hissig bilist som er i ferd med å miste hovudet, betyr det ganske enkelt
”pass på, her kjem eg”. Sjølvsagt kan det også bety ”kom deg til h**** vekk!”,
men som oftast er det ganske vennlig og lystig tuting.
Å skulle tute på folk og dyr utan at dei har gjort
noko anna enn å ferdast langs vegen tok litt tid å venne seg til, men verkar
stadig meir naturleg. Enno lenger tid tok det å lære seg riktig timing på
tutinga. I starten venta vi for lenge med å gje melding til vinglete syklistar
om at det no var ein bil bak dei. Resultatet av slikt blir gjerne at dei ser
seg over høgre skulder (hugs, her har vi venstrekøyring), korpå sykkelen skjenar
utover i vegen, før dei overkompenserar når dei ser kor nært bilen er, og
kanskje hamnar i grøfta – eller det blir nesten ei nestenulykke. Om du derimot
tuter i tide, har dei tid til heile runddansen utan å miste kontroll.
Stort sett fungerer tutinga ganske så bra. Men at
det ikkje er eit fullgodt trafikktryggingstiltak vart vi påmint i dag tidleg.
Då fekk vi vite at ein nevø av ein kollega vart påkjørt og drepen i går. Rett
nok av ein minibuss, som er berykta for å vere farlege for både passasjerane og
alle rundt, men det kunne vore framfor vår bil at det plutselig sprang ein
unge.
Eg veit ikkje meir om korleis denne ulykka hendte,
men nevøen til kollegaen vår vart berre 13 år. I dag har vi vore i gravferd.
Det var veldig trist, men også fint å få vere med. Vi vart påmint at trafikken
tek mange fleire liv i dette landet enn talet på bilar skulle tilseie, men også
at døden i Malawi er ein del av livet på ein heilt annan måte enn heime.
Kanskje eg skriv meir om det seinare.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar