Ymse observasjonar og refleksjonar frå ein liten by ved breidda av Malawisjøen.
Viser innlegg med etiketten Bilete. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bilete. Vis alle innlegg

lørdag 11. mai 2013

Into the wild(s)


Her kjem andre oppdatering i serien ”Ei feriehistorie: Pia og Eva på tur i Afrika”. I Første del, som Pia skreiv på bursdagen sin – gratulerer med overstått! (eg huska det på sjølve dagen og, altså) – var det litt klaging over mangelen på eksotiske dyr i Afrika. Etter å ha budd her over tre månadar sjølv utan å a sett noko meir eksotisk enn bavian (igjen med unntak av insekt), var eg ikkje overraska, men også veldig klar for safari. Som sagt så gjort.

I Malawi finst ein flyplass som er i bruk, i alle fall for alle praktiske formål. Det betyr at alternativa for å komme seg rundt er (mini)buss, haiking eller eigen bil. I den føretrekte rekkefølgja. Vi reiser sjølvsagt med eigen bil, og godt er det. Om vi skulle basert oss på kollektivtransport hadde vi kanskje klart å få dekka ein tredel av det vi får til no. Kanskje. Dessutan hadde det ikkje vore ein ferie eg hadde fått Pia med på, eller for så vidt meg sjølv. Med eigen bil har vi sidan sist, som sagt, vore på safari, der Pia (og eg) endelig har fått sjå eksotiske og ville dyr:



Første møte var å bli heldt vakne av rautande flodhestar når vi skulle sove første natt i telt. Sidan vi riktig nok ikkje såg dei, såg vi oss nøydde til å dra på elvebåtsafari. Etter ei stund med venting der fire menn fånyttes prøvde å få liv i motoren på denne båten:



måtte vi dessverre bytte til denne:



Så bar det avstad oppover (eller nedover? Litt pinleg å ikkje vere heilt sikker på den detaljen…) elva, for å endeleg få sett ville dyr. Vi tok igjen på flodhestane, og vekte dei der dei låg og slumra i vassflata. Deretter såg vi minst tre ulike eksotiske fugleartar. Landskapet var veldig pent, men ganske fritt for dyr. Kaldt var det og. Lenge trudde vi at det næraste vi skulle komme å sjå elefantar var ein mørk flekk som likna veldig på buskene rundt, men som guiden vår insisterte på at var ein elefant. Heldigvis fikk vi ein mykje betre kikk på veg tilbake:



Alt i alt var det ei kald oppleving, litt eksotisk, men ikkje fryktelig imponerande. Stakkars Pia må nøye seg med dette, eg skal på ny safari i Zambia i juli, som visstnok er mykje betre. Pia er veldig nøgd med at vi ikkje kom nærmare dei eksotiske dyra, sjølv om eg mistenker at ho hadde blitt imponert om vi hadde sett ei løve. - Elefantar hadde vi på Tøyen, som ho så blasert formulerte det.

Etter to dagar køyring, der vegen opptil fleire gongar prøvde å ta livet av både bilen og oss (sports-bh er det einaste riktige for biltur i Mosambik), er vi no framme i Vilanculo. Vi kom fram på min bursdag, og fikk creme caramel med lys på i restauranten på hotellet!



Her er det veldig fint. I skrivande stund sit vi i baren ved bassenget med kvar vår mango daquiri. Tidlegare i dag har vi vore på stranda, og i morgon skal vi dykke. I det Indiske hav. På korallrev, med mange fargar, fiskar og til og med rokker!

Vi er no nemlig sertifiserte dykkarar, rakk akkurat å ordne det før vi begge blei 30.



mandag 22. april 2013

Kunyumba



Nyumba er ordet for hus på Chichewa, som er det offisielle språket i Malawi, i tillegg til engelsk. Kunyumba betyr direkte oversett ved, til eller i huset. Når ein har helsa på t.d. ein kollega, og spurt korleis vedkommande vakna (mwadzuka bwanji?), korleis dagen har vore (mwaswera bwanji?) eller berre generelt korleis det går (muli bwanji?), alt etter situasjon og tid på dagen, spør ein gjerne korleis det går ”kunyumba”. Då lurer ein ikkje på korleis det står til med sjølve bygningen, men heller om alt står bra til heime, inkludert alle familiemedlemmar.

Sånn ser huset mitt ut, sett frå porten.


Som (relativt veldig) rik nordmann her, har eg mitt eige hus – nyumba yanga – med eigen hage. Kunyumba er det ganske greitt. Eg treng ikkje å vaske huset sjølv, eller kleda mine, til slikt har eg hushjelp. Blessings heiter ho, og stryk til og med trusene mine. I tillegg har eg vakter, som i tillegg til å opne porten når eg kjem køyrande, steller hagen, vaskar bilen og gjer anna arbeid som trengs rundt huset. Når hunden min, Joy, treng eit bad, er det felles innsats av vakt og hushjelp som sørgjer for rein, om noko fornærma, hund. Mat og slikt til Joy treng eg også berre tenke på når det er naudsynt med innkjøp, elles tek Blessings eller vaktene seg av slikt.

Joy står i ro og finn seg i å bli vaska, men det er tydelig at ho ikkje er veldig nøgd med handsaminga. Etterpå går ho bak huset og furtar ei stund, før ho gløymer heile fornærminga og kjem springande tilbake for leik eller kos.


Det negative med nyumba yanga er at standarden er så som så. Som at ingen av dørene eller vindauga passar i karmane sine, at veggane smuldrar opp, sakte, men sikkert, at dei insektnetta som ikkje er hol i gjer at vindauga ikkje kan opnast. Eller at eg og vakta mi brukte ein heil laurdags formiddag på å få hengt opp boksesekken min i stua, festa i takbjelkane, for så å oppdage at eit middels hardt slag fekk heile taket til å knake og takvifta til å svaie faretrugande. Då er det igjen fint å ha tilsette som kan ordne, sjølv om ikkje alle løysingane er like haldbare eller vakre (eg skal jo trass alt berre bu her knappe ni månadar til). Så no har eg boksesekkstativ i hagen!

Etter mykje tenking, noko prøving og ditto feiling, har eg no ei løysing  som faktisk fungerer. Og eg har starta treninga, akkurat i tide til at ferien kan sabotere.


Om huset er dårleg bygd og ikkje spesielt vakkert, har det likevel absolutt sine positive sider. Det er relativt høgt under taket og luftig (ekstra luftig når det bles, sidan nokre av vindauga ikkje kan lukkast lenger), og romsleg. Eg har stue, spisestue, gjesterom, vakt-/hushjelprom, gjestetoalett, relativt stort soverom, med eige bad, og eit bitte lite kjøkken. Då eg kom hit var her sparsamt møblert, men sakte (og noko usikkert) får eg fleire møblar. Eg har no spisebord med tilhøyrande stolar, ein komfyr som faktisk fungerer, og eit garderobeskap! Sistnemnte er fekk eg riktig nok før treet hadde tørka skikkelig, sånn at kleda eg har lagt i det både blir fuktige og luktar av tre og lakk. Men eit par dagar i hagen i solsteiken ordnar nok det problemet.

Kreative løysingar på uvante problem fører til at hagen min i det siste har sett litt ut som eit kunstprosjekt. Sjølv om eit skikkelig kunstprosjekt hadde hatt ein fotograf som faktisk klarte å få biletet skarpt. Jaja, i ettermiddag skal skapet på plass! Håpar det er tørt...

Her er fleire bilete av huset - inni og utanfor:


Stua mi. Inst i gangen er soverommet mitt.




Senga mi, for høvet ikkje oppreidd. Vanlegvis sørgjer
Blessings for at alt er strøkent. Heller ikkje på dette
biletet: den nye dyna eg har skaffa meg. Ja, eg har blitt
aklimatisert. 


Hagen min fungerer også som parkeringsplass, noko som iblant går litt hardt utover graset. Men blomsterbeda er kjempefine!


Stas med blomster i hagen - spesielt når nokon til og med sørger for å halde dei i live!


Joy!

mandag 25. mars 2013

Oppdatering

Sidan sist:

- bursdagsfest for Cecilie. Leide kultursenteret, med catering. I tillegg hadde Cecilie bakt bollar og eg sjokoladekake. Legg til nokre kasser brus og øl, PA-anlegg med ymse variantar av happy birthday + mykje dansbar afrikamusikk, så får de eit lite inntrykk av stemninga.

- fått den nye bilen vår, ein traktor av ein landcruiser (sjå bilete under).

- kjørt ny landcruiser til, rundt omkring i, og tilbake frå Lilongwe. Stas.

- fått ny vatnkokar, komfyr, boksesekk og spisebord med stolar. Alt frakta i nemnte Landcruiser, sistnemnte på taket (sjå igjen bilete under). Startar å kjenne meg som ein ekte malawier.

- planta tre på ein barneskole med The Young Women Can Do It Club, alle (inkludert trea) også frakta i (no nemnt til det keisammelege) landcruiser.

- besøkt ein gammal mann i ein landsby for å høyre korleis det var i gamle dagar

- besøkt den nye dattera til kollega Andrew. Kjempesøt!

- mange andre ting som eg ikkje gidd å fortelle om, for no må eg i eit møte.

- planlagt neste veke, som inneber enno meir reising enn denne. Men litt av det er ferie, som blir veldig stas.

Re: - prøvd å laste opp dette innlegget fleire gongar dei siste to dagane. Og no er eg i Lilongwe - igjen. Jaja, det er eit vakkert land å køyre rundt i!








torsdag 7. mars 2013

Fleire skrytebilete

Som de kanskje har lese på bloggen til Thomas og Cecilie, var vi på tur igjen i helga. Sidan eg enno ikkje har så mykje spennande å skrive om å redde verden (har ikkje heilt knekt koden enno), tenkte eg å oppdatere dykk enno litt meir på kor fint vi har det når vi ikkje jobbar eller køyrar rundt i landet for å fikse ymse praktiske ting.

Måndag var det nasjonal helligdag, så vi hadde langhelg ved laken (engelsk/norsk slang for innsjøen, har ingenting med sengetøy eller sylting å gjere. Ikkje heilt sikker på kva eg synst om ordet, men det er det vi brukar, så no er det offisielt introdusert her også.) Denne gangen gjekk turen til Senga Bay, litt lengre unna og litt fancyare enn Fish Eagle. Framleis nydelig innsjø og herlig strandliv, og i tillegg fekk vi vere med ut med båt! Det var veldig stas, og Maleri Islands var usakleg flotte. Her er nokre bilete, enjoy og misunn!

Ved den eine av dei tre Maleri-øyene har dei ei fyrlykt. Det synst eg var ganske søtt.

Folk med pengar har mange hestekrefter, folk utan har berre eiga muskelkraft.
Til gjengjeld har dei imponerande balanse.

Her er Thoms og Cecilie i bassenget på den nyopna lodgen på eine øya. Trur egentlig det er unødvendig å nemne at turen kjem til å gå tilbake hit minst ein gong.

Dette biletet er tatt frå bassengkanten. Under taket er der hengekøyer.
Veit ikkje heilt kor god kvaliteten var på dette biletet, men øyene er utruleg grønne - i alle fall no i regntida.


Litt ørnesafari fekk vi også pressa inn, plystring og små fisk var gode lokkemidlar for fiskeørna. Her må eg berre ta sjølvkritikk på at eg ikkje har med bilete av sjølve ørna, men kjem sikkert fleire høve.

Til slutt må eg nemne (som de sikkert allereie har lest på den andre bloggen), at radiatoren i den fine nye bilen sa takk for seg. Det positive er at det tok ein dag og under 1000 kr å få det fiksa! Så no har vi ein ny, fin, brukt, men veldig brukbar radiator. Og eg lærer mykje om bilar og motorar, skal sjå eg er reine mekanikaren før året er omme :)

Sånn ser radiatoren og viftene ut, utanfor motoren. Filla oppå høyrer egentlig ikkje til. Skal snart forsyne dykk med bilete av den nye radiatoren, som er festa til motoren. Stas å vere bileigar.

fredag 1. mars 2013

Bilbilbilbilbil!

Har kjøpt bil! Først denne i Lilongwe på tirsdag, deretter ein til i dag! Den andre er for tida i Cape Town, så det blir ikkje bilete før om ei veke eller to. Med det er ein diger badass tank av ein land cruiser. Sjå elles bloggen til Thomas for meir utfyllande skildringar :)





søndag 24. februar 2013

Fish Eagle Bay, baby!

Jada, eg veit eg sa at eg skal skrive oftare. Og at det no er lengre enn lengst sidan sist eg skreiv. Men er framleis hektisk her - sidan sist har eg (mellom anna):


  • laga pizza her for første gang. Ikkje veldig vellykka, dels skuldast dette den skrekkelige osten, som ifølgje Josh (amerikansk fredskorpsfrivillig som vi er ein del saman med) er heilt lik den vederstyggelege spray cheese'en som dei har i USA, dels at ovnsdøra mi ikkje kan lukkast skikkelig, slik at botn aldri vart gjennomstekt. Men har blitt lova ny ovn, og har kjøpt kjevle i hovudstaden! Så dette kan berre gå framover :)




  • vore i bursdagsfest til kona til sjefen, festa og dansa heile natta sidan sjefen insisterte på at vi måtte sjå soloppgangen før vi gjekk heim
  • gitt beskjed til vakta mi om at det ikkje er greitt at han ikkje kjem på jobb fordi det regnar
  • vore ein tur til i Lilongwe for å fornye visum. På turen dit satt vi på i ein lastebil, seks stykker satt inni førarhuset, der det er to seter. Resten satt på lasteplanet. På vegen heim brukte vi denne skjønne saken, som vi har leid for ein ikkje altfor dyr penge:




  • banna og steika litt over Blogger og manglande moglegheiter til redigering (akkurat no)
  • endelig fått møte snekkaren som skal ordne insektnett foran dører og vindauge i huset mitt. Han skulle eigentleg starte arbeidet for to veker sidan - no er han i gang! Veit ikkje heilt kor mykje det vil hjelpe, sidan ingen av dørene eller vindauga passar i rammene sine, og det uansett er store glipper som ein katt lett ville komme seg inn gjennom. Menmen, han er i gang! Dessutan har eg kjøpt meg stort myggnett til senga mi i Lilongwe, pluss ny pute, så no er det skikkelig luksus å sove i senga mi.
  • ikkje minst: tilbrakt heile denne helga, altså to netter, på lodgen Fish Eagle Bay. På stranda, ved innsjøen. Paradis.












  • leika i vatnet, spilt tennis, blitt solbrent. Kost meg ihjel.


I morgon blir det - nok ein - tur til Lilongwe. Sukk. Men skal kjøpe bil! Har endelig fått ordna med pengar, det å faktisk få pengar frå Norge til Malawi er den største utfordringa når ein skal kjøpe bil. Men takka vere Nikolai, ein annan nordmann og FKar som bor i Kasungu, er vi no fullt utrusta til å faktisk få vår heilt eigne bil! Hurra! Skal prøve å oppdatere snart, må jo legge ut skrytebilete av bilen, om ikkje anna. Klemz!

torsdag 14. februar 2013

Azungu!

Å gå rundt i Nkhotakota er ikkje heilt som å gå rundt i Bergen eller Florø. Eller Oslo eller Barcelona, for den saks skuld. Spesielt dei første dagane minna det å gå frå huset til kontoret, om lag 15 minutt medium til rask gange, ikkje særleg mykje om å komme seg på jobb i Norge. Meir som å vere den nye attraksjonen i dyrehagen. Eller kanskje det er litt slik det er å vere kjendis? Skikkelig verdskjendis i ei lita norsk bygd, altså, ikkje som statsministeren i Oslo.

Reaksjonane til dei forbipasserande (eller dei som kjem springande til, som ungar i alderen 2-12) varierer veldig. Men den norske måten å forholde seg til framande om morgonen på, altså ikkje i det heile tatt, gjeld mest ikkje for nokon grupper. Dei fleste nøyer seg med å stirre. Openlyst og lenge. Nokre ser morske ut, nokre smiler eller til og med ler, dei fleste berre forvirra eller nysgjerrige. Så har du ein god del som helsar, stort sett med spørsmål om ”how are you?” eller liknande. Til dei er det veldig hyggelig å smile og svare jo, takk, berre bra, kva med deg?

Den siste gruppa kan det vere vanskeleg å vite om prøver å oppnå kontakt med deg, eller om dei berre ropar til andre eller seg sjølv? Nokre av dei prøver definitivt å få kontakt, men for andre kan det høyrast ut som eit alarmskrik – spesielt ungane. Azungu! ropar dei, så strøymer det til ungar som glor og fnisar eller ser sjenert vekk. Eller prøver seg med ein ”give me my money” eller ”give me money” eller ganske enkelt ”money”. Nokre har skjønt at dette ikkje er særleg effektivt, så dei prøver seg med ymse variantar der money er bytta ut med bottle. Her, som i Norge, er det nemlig pant på flasker.

Den gangen eg har kjent meg mest på utstilling var då eg tilfeldigvis gjekk aleine nedover vegen rett etter ein fotballkamp var over. Då gjekk eg motsett veg som nokre hundre menn, som alle saman stirra medan dei gjekk forbi. Den søtaste episoden var då ein unge på maks halvanna år, som satt bakpå sykkelen til faren, såg svært morskt på meg mens han prøvde å seie azungu.

Azungu betyr ”kviting”. Eller, eigentleg betyr det kvitingar, altså fleirtal – eintalsvarianten er mzungu. I starten trudde eg dei ropte azungu fordi eg alltid gjekk saman med Thomas, og det då sjølvsagt var to av oss. Men dei heldt fram med fleirtalsvarianten også etter han og Cecilie flytta til det andre huset, og eg går aleine til jobb. Det viser seg at dette er ein meir høfleg måte å rope kviting på. På chichewa er det nemlig veldig viktig å vere høflig, og ein vanleg måte å uttrykke respekt på, er å bruke fleirtalsform. Slik som De eller Dykkar på norsk (i ”gamle dagar”).

Etter kvart har det blitt mindre azungu!, når folk no har begynt å kjenne meg att. Til gjengjeld er det fleire som helsar, både på engelsk og chichewa. No når eg ikkje lenger går saman med ein mann er det mange fleire unge menn som kjem bort og helsar, og kanskje til og med spør kva eg heiter. Men også søte, godt vaksne damer, på veg til jobb om morgonen smilar til meg når eg går forbi. Når eg då spør ”muli bwanji?” – korleis går det? – blir dei veldig glade, svarar høfleg og takkar. Kanskje dei ler litt av meg etterpå også, men det er tydeleg at dei set pris på slike hyggelege utvekslingar av frasar, og at eg har lært meg det på deira språk. Eg gler meg til å bli kjent med enno fleire, og ikkje minst lære meir chichewa!

Dette er den gamle flystripa eg kryssar diagonalt kvar morgon.
Rett fram, ca der trea er, ligg huset mitt.

Og dette er andre vegen, ned til venstre ligg sentrum.
Skal legge ut bilete av både byen og huset mitt etter kvart.


tirsdag 12. februar 2013

Bilete!

Testar ut Blogger-appen på mobilen - her er bilete av Joy, av kattungane og frå turen vi hadde på stranda på søndag :) hadde med sør-afrikansk sprudlevin kjøpt i Lilongwe, og skåla for at vi er på plass og i gang!













torsdag 31. januar 2013

På plass!




Endelig i Nkhotakota! Min nye heim for det neste året. Etter to veker i usakleg luksus på Fredskorpset sitt førebuingskurs i Sør-Afrika (les meir om kurset og hotellet på Thomas sin blogg), kom vi fram til Lilongwe på søndag. 


Endelig i Malawi! På veg frå flyplassen til Lilongwe


Kuche betyr daggry,
og namnet skal
fortelle at du kan
drikke det heile natta

Sidan hovudstaden har fleire av dei tenestene vi treng i starten enn her – minibank, telefonbutikk, generelle shoppingmoglegheiter – tok vi inn på Welcome Lodge for å bli over til måndag. Eit heilt ok koseleg lite gjestehus, sjølv om manglande vatn og deretter straumbrot gjorde standarden litt lågare enn planlagt. Men eit godt måltid, lokalt øl i glaset og fotball på skjermen meir enn vog opp for manglande vatn på rommet. Dessutan kom det ein mann og fylte opp cisterna på do fleire gongar, så då var det lite å klage på.







Etter mykje køyring att og fram, fiksing, handling og litt for lite mat (viste det seg), sette vi kursen nordaustover, mot Nkhotakota. Køyreturen tok ca tre timar, der Malawi viste oss både strålande sol og kraftig regnver. 

Vi fekk sjå mykje ulikt afrikansk ver på
turen frå Lilongwe til Nkhotakota


Vi var sjølvsagt spente på korleis vi skal bu det kommande året, både byen og husa. Sidan det eine huset er under oppussing, hadde vi avalt å bu saman i det andre den første veka. Første møte med huset vart noko tøffare enn forventa. Sjølvsagt var vi budde på at standarden ikkje kom til å vere veldig høg, men vi hadde nok trudd det skulle vere noko meir klargjort for oss enn det vi opplevde. Då vi kom fram, ein halvtime før det vart mørkt, var det berre seng i eitt rom i huset. Der var nesten ikkje møblar, insektnetta foran vindauga var anten holete eller ikkje der i det heile. Over senga var der ikkje myggnett. Og huset krydde av insekt, inkludert den største kakerlakken eg nokon sinne har sett.


Nokre handverkarar, litt kortare sengebein så senga kom gjennom døra, eit par nye myggnett og ein heil del insektspray seinare, var utsiktene til å tilbringe natta der noko lysare. Legg til middag på kultursenteret og eit par øl på ein av dei små pubane, og vi sov søtt under myggnetta våre første natta. 

I dagslys er jo alt som kjent mykje lettare, og når tysdagen kom såg vi lysare på tilveret. Med heftig spraying av huset (brukte opp ein stor boks Doom det første døgnet), er det nesten ingen bugs att. Mesteparten av tida har vi forsåvidt brukt andre plassar; på jobb, på kultursenteret og på pub der vi har sett fotball. Når vi kjem meir i orden og litt meir inn i kvardagen, blir det nok kvalitetstid heime også. Der bur verdas skjønnaste og mest entusiastiske hund: Joy! Meir om ho, jobben (som eg trur blir kjempespennande), mobiltelefonar, fotball, bilkjøp og mykje anna seinare. Zikomo!

Kafekontor på kultursenteret - Thomas, Robert og Jack, i bakgrunnen Josh


Veldig stilig konstruksjon av kultursenteret

I Nkhotakota er det
ikkje så viktig med veggar