Ymse observasjonar og refleksjonar frå ein liten by ved breidda av Malawisjøen.

søndag 26. januar 2014

Takk!

No sit vi på flyplassen i Johannesburg, og ventar på flyet som skal ta oss til München, der vi skal på eit nytt fly til Oslo, der Thomas og Cecilie blir henta av familiane sine, og eg dreg vidare til Florø. Det gjer og Andrew og Solace, som skal vere i Florø det neste året. Dei siste dagane i Malawi vart litt meir dramatiske og styrete enn forventa (eg vart rana og mista veska mi med pass, kort, kamera og stort sett alt viktig). Men, som Thomas skreiv om i sitt siste innlegg, har vi blitt ganske gode på å ordne ting i Malawi etter eitt år med øving. Så eg fekk meg naudpass, og sjølv om alle i utgangspunktet rynkar litt på nasen av det knall-oransje, ikkje veldig offisielt utsjåande, tynne leikepasset mitt, slepte dei meg både ut av Malawi, inn i Sør-Afrika og gjennom passkontrollen på veg ut att. Eg antar at tyskarane heller ikkje vil slå seg vrange, og heime i Norge kan eg ordne meg eit nytt, skikkelig, eit.

Her i Johannesburg har vi brukt dagane på å lære oss korleis vi bør takle reintegrering på ein god måte, og dessutan prøvd å overlevere så mykje kunnskap og erfaringar som mogleg til Sille og Trygve, som skal ta over etter oss. I tillegg har vi blitt litt kjente, og hatt nokre gode måltid og ein fest eller to. Det er veldig rart å tenke på at dei no er i Nkhotakota (dei reiste i dag tidlig), og skal ta over liva våre. Bokstavelig talt: dei tek over jobb, hus, dyr, bilar, tilsette, vennar og kollegaer. Det blir rart, men eg gler meg til å følgje med på bloggane dei skal skrive!

I morgon ettermiddag landar eg i Florø. Det blir veldig fint, litt rart, og på sikt ganske skummelt, sidan eg ikkje veit kva eg skal gjere med resten av livet mitt. Men eg finn nok ut av det, og eg gler meg!

Sikkert veit eg at eg ikkje skal bu i Malawi i 2014, noko som gjer at denne bloggen no er historie. Tusen takk til alle som har lese, trass i noko ujamn innsats frå mi side. Det har vore fint å ha dette forumet til både å dele opplevingar, tankar og inntrykk med familie og vennar heime, og det har vore fint å skrive ned desse tinga og for min eigen del. Kven veit, kanskje eg opprettar ein ny blogg. Men denne er det slutt for no.

Takk!

onsdag 15. januar 2014

Godt nytt år!

Eg prøvde å legge ut denne posten i går, men internett og den gamle, slitne pcen min konspirerte mot meg og gjorde at eg måtte utsette ein dag. I dag: seks dagar igjen til vi set oss på flyet.

I dag er det akkurat ei veke til vi forlet Malawi, og under to veker til eg er heime igjen i Norge. Det er rart, fint, og litt trist. Dei siste månadane og vekene før jul var travle, både på jobb og privat. Vi har endelig fått i gang musikkskolen på kultursenteret (hurra!), og på toppen av det heile til og med fått våre eigne instrument! Det var den lengste og vanskelegaste shoppingprosessen eg nokon gong har vore med på, men etter over 40 e-postar fram og tilbake, mykje om og men med om vi skulle få momsfritak eller ikkje, hjelp frå ein hyggelig mann på den norske ambassaden og tre timar på flyplassen for å få unna alt tollbyråkratiet, hadde eg endelig alle instrumenta i bilen på veg til Nkhotakota. No er dei på plass, og allereie i ferd med å bli utslitne. Gard og Espen som er musikklærarar for oss, gjennom samarbeid med organisasjonen Music Crossroads i Lilongwe og Musikk og Ungdom i Norge, fokuserer derfor mykje på korleis handtere instrumenta og handsame dei pent, denne veka. Eg håpar det synk inn, slik at instrumenta kan vare lenge!

På privaten vart desember ein strålande månad for å få med meg delar av Malawi eg hittil ikkje har besøkt. Høgdepunktet – bokstaveleg talt – var ein fantastisk tur til det høgaste fjellet i Malawi, Mount Mulanje. Det er eigentleg eit fjellmassiv med mange høge toppar, og målet for vår tur var sjølvsagt den aller høgaste toppen: Sapitwa. Med sine 3002 moh er det den nest høgaste fjelltoppen i sørlege Afrika, etter Kilimanjaro, og solid høgderekord for meg personleg. Med fantastisk natur, ditto utsikt, koselege hytter å overnatte i og akkurat passe utfordrande nesten-klatring på veg mot toppen, vart det ei turoppleving som gir meirsmak på toppturar.

Etter ei veldig koselig julefeiring heime i Nkhotakota, med pinnekjøttmiddag på julaftan, inkludert nesten alle dei viktigaste ingrediensane (utanom familien, då), sette vi oss i bilen for å dra nordover. Tidlegare har vi ikkje vore så veldig langt nord, og no var det absolutt på tide; Nord-Malawi er nydelig! Vi overnatta to netter nær Livingstonia på The Mushroom Farm, ein backpacker/hippie-øko-lodge som ligg kilt inn i ei fjellside mange hundre meter over innsjøen, noko som gjer utsikta ganske spektakulær. Kjempegod mat har dei og.

Eigentleg hadde vi tenkt å bu fire netter på soppgården, og bruke det som utgangspunkt for fotturar i området. Men då det viste seg at det var ein del lenger derfrå til Nyika-platået enn vi trudde, sette vi oss i bilen igjen, for dit hadde vi veldig lyst. Platået er nok mest for dei som har veldig lyst, og i tillegg har litt pengar og eigen bil, for det er ikkje akkurat veldig tilgjengelig. Sju timar på grus-/gjørmeveg etter avgang frå Livingstonia, seks av dei med køyring, ein med dekkskifte/dekkfiksing etter punktering og proviantering i Rumphi, var vi framme på den einaste overnattingsstaden i heile nasjonalparken. Der betalte vi 15 dollar for leige av telt og soveposar, pluss 15 dollar til for leige av teltplass, alt sjølvsagt pr person pr natt. Stive prisar, men det var likevel verdt det. Heilt ulikt resten av Malawi, utrolig spesielt landskap med store, rullande åsar, kjølig klima fordi det ligg så høgt, og grasande sebra og ulike typar antiloper. Og vi såg ein leopard! Dessverre var han så rask at vi ikkje rakk å ta bilete før han var forsvunne inn i skogen. Vi har og besøkt det høgaste fjellet her i området: Nchisi-fjellet, med ekte regnskog og nydelig utsikt.

Nyttårsaftan feira vi på vår faste helgedestinasjon: Fish Eagle Bay. Det vart ei veldig annleis feiring enn å kle seg ut og bere tunge ting gjennom Strandgata i Florø i vind og kulde, men midnattsbad med sprudlevin og mykje bra folk på favorittstranda var heller ikkje feil.

Sist helg hadde eg og Cecilie instruktørtrening i sjølforsvar for jenter på samme stad, det var kjempekjekt, og veldig stas og dei fire tøffe jentene var kjempeflinke. Så no håpar eg dei vil halde fram med sjølforsvarskursa!

No er det veldig lite som gjenstår her, litt pakking og kasting, avskjedsfest på Kultursenteret på fredag, ein siste tur til Fish Eagle på søndag – og så siste køyretur til Lilongwe på måndag. Det blir rart. Men fint. Eg gler meg til å komme heim, sjølv om dei siste månadane har vore veldig bra, og Nkhotakota verkeleg har kjentes som heime. Eg håpar berre eg ikkje frys i hel i minusgradene der heime!


P.S: Dersom de er nysgjerrige på livet i Nkhotakota også etter at eg har reist, kan de følgje med på bloggen til Trygve! Han skal ta over jobben til Thomas, og huset og hundane mine. I førre veke var han nokre dagar på besøk, så han har allereie starta Malawi-blogginga.

Dette er Chisepo, hytta som ligg nærast Sapitwa på Mulanje-platået. Her overnatta vi før vi gjekk opp på toppen, som de kan sjå i bakgrunnen, kl fem neste morgon.

Utsikten frå hytta er spektakulær.

Inni var det enkelt, men veldig koselig. Vi fekk villmynte av oppsynsmannen, som vi laga te av. Smakte litt mynte, litt timian, og heilt rett.

Solnedgang og skyer øydela ikkje akkurat utsikten.

Den flinke og snille oppsynsmannen hogga ved til oss. Han varma og vatn til bad og te.

Klokka er fem om morgonen, og vi er klar for tur.

Om det hadde vore brattare, måtte vi hatt utstyr. Om det hadde regna, måtte vi snudd. Dette er guiden vår, Peter, som har guida folk på Mulanje-platået i ni år.

Av ein eller annan grunn insisterer internett på å legge biletet på sida. Og eg orkar ikkje krangle med internett om akkurat det i dag. Men her er vi altså på toppen!

Ingenting å seie på utsikten frå toppen heller.

I nokre retningar.

Etter toppturen gikk vi til ei anna hytte, der vi overnatta før nedturen. Solnedgangen her var også heilt ok.

På julaftan hadde vi og ein skikkelig luksuriøs frukost, med mellom anna ost, kjøt, heimelaga rundstykker, heimesylta rødbeter, og norsk røykelaks! Sistnemnde fann vi i frysedisken på favorittbutikken i Lilongwe, og var eitt av høgdepunkta.

På toppen av den høgste fossen i Malawi, 125 meter ned, ein liten spasertur frå The Mushroom Farm.

Ein av innbyggarane i Livingstonia.

Også på Nyika-platået måtte nordmennene sjølvsagt finne den høgste toppen, og erobre den.

Toppen ser ikkje så imponerande ut herfrå, men det var skikkelig bratt!

Roan-antilopar var det mange av, her ein einsleg (hann?).

Vegen var ikkje alltid så lett å få auge på.

Etter ein del prusting og forsøk på å skremme oss lengre vekk frå flokken, gjekk sebraane med på å posere for kameraet.


mandag 2. desember 2013

Bloggebloggeblogge


No er det jaggu på tide å få lagt ut eit innlegg igjen, med litt oppdateringar om korleis stoda er i Nkhotakota. Her har hot season (den varmaste årstida, med temperaturar opp mot 40 grader) så smått begynt å bli utfordra av regntida, men det er framleis ikkje veldig overbevisande forsøk. Rett nok har vi hatt nokre kraftige regnskyll, og heftig tordenvêr, men det er framleis ganske så varmt, og sola skin stort sett kvar dag frå tilnærma skyfri himmel. Men takka vere det vatnet som har komme frå himmelen, er det i ferd med å bli mykje grønnare, og likne meir på det landet vi kom til i januar for over ti månader sidan. For ikkje å snakke om at det er mykje mindre støv i lufta, og no kan vi igjen sjå Mosambik på andre breidda av Malawisjøen.

Elles går no dagane som dei har gjort, med jobb, matlaging, lesing, krangling med internett, filmar på det flotte heimekinoanlegget, og litt for hyppige turar til Lilongwe. Denne veka får eg hugse korleis det er å vere fotgjengar, ettersom ein bil er på tur med Thomas (som verkeleg har fått det travelt i det siste når alt ser ut til å ordne seg på ein gong; les meir om det på bloggen til Thomas og Cecilie, som eg ikkje får til å lenke til, fordi internett alltid er i det vanskelige hjørnet om dagen), og den andre er på verkstad. Det kjennast skummelt og vanskelig å skulle komme seg rundt utan bil, for ikkje snakke om varmt og med fare for å ankomme jobb som ei drukna katte, men eigentleg er det ganske fint. Det er godt å gå litt, og dessutan er sykkeltaxi eit strålande framkomstmiddel.

På jobb er vi i ferd med å nærme oss årsslutt, årsmøte og årsrapportar, så her gjerast det opp status over litt av kvart. Noko av det vi heldigvis endelig har fått starta opp, er eit prosjekt eg har jobba med sidan mars: musikkskule på kultursenteret! Det er utrolig tilfredsstillande å sjå faktiske resultat av noko av det eg har jobba med her nede. Ting tar tid, og er usedvanleg tungvint, men det er godt å få stadfesta at det hjelper å ikkje gi opp.

Ei veke kvar månad skal tre unge, norske musikarar komme til Nkhotakota og undervise elevar. Dei held til vanleg til i Lilongwe, der dei er på utveksling med Musikk og Ungdom og Music Crossroads Malawi, finansiert av Fredskorpset sitt Ung-program. No er dei her for andre gang, og vi har stor tru på at dette kjem til å bli veldig bra. Neste gang dei kjem vil vi til og med ha eigne instrument som dei kan bruke i undervisninga, og som elevane kan øve på mellom besøka. I alle fall om vi klarer å få dei frigitt frå flyplassen i Lilongwe, men med hjelp frå velvillig innstilte tilsette på den norske ambassaden, har eg trua. Og etter to og ein halv månad for å få alt i orden med bestillinga, og nesten 50 e-postar fram og tilbake, er det uaktuelt å gi seg no. Oppdatering kjem, seinast når instrumenta er på plass. Håpar alle har ei strålande adventstid så lenge!

torsdag 31. oktober 2013

Dyra i Afrika

 I Afrika er det mange dyr. Då eg var ein snartur i Europa i september fekk eg mange spørsmål om det. Er det farleg å gå aleine ute? Kan det komme store rovdyr å ete deg? Kva med giftige slangar og andre skumle ting? Går her elefantar i gatene? Ok, kanskje ikkje det siste, men litt i den gata var det. Og det forstår eg godt, det er vanskeleg å få noko anna inntrykk når det du får vite om Afrika i Norge anten er fattigdom og uro på Dagsrevyen, eller naturprogram som viser alle dei eksotiske og rare dyra her som vi ikkje har heime.

Som eg nemnte i posten ”Safari”, er det ikkje heilt sånn her. No har eg vore her i ni månader, og har sett mange dyr. Vel å merke når det gjeld talet på dei, ikkje ulike artar. Utanom ein fantastisk safari i South Luangwa, der vi såg alle dei spennande og flotte dyra vi kjenner frå tv, har eg ikkje sett nokre dyr som du berre finn i Afrika (vel å merke om du ekskluderer insekt, der er det mykje rart å ta av!). Det mest eksotiske er bavianar og vervet-apar (ikkje veldig eksotisk altså), og ein slange.

Det eg derimot ser enormt mykje av, er to artar: høner og geiter. Overalt er det høner, kyllingar og hanar, sistnemnte som gjerne insisterar på at no må det no vere morgon snart, klokka halv tre på natta. Hønemor med småungar spring rundt overalt med kyllingane sine og lærer dei kor det er mat å finne, gjerne i bosshaugar eller inne i hagen hos dei tre hundane mine – som gjerne fører til ein brå slutt på læringskurva. Når du går rundt i Nkhotakota spring det stadig høner mellom beina på deg, og lyden av rasling i tørt lauv har eg lært betyr høne på matjakt. Nokre gongar kjem dei inn i hus og inn på kontoret, både av eigen maskin og i nevane på folk som vil selje dei. Sjølvsagt levande.

For det er nemlig alltid nokon som eig hønene. Korleis dei held styr på kven som eig kva, er for meg ei gåte. Men dei har visst ein slags oversikt. Og ofte vil folk tene pengar på å selje hønene. Når du køyrer bil kjem du deg heller ikkje unna. Då står folk i vegkanten og viftar med høner som flaksar, i forsøk på å selje til forbipasserande sjåførar. Folk med fleire høner knyt dei gjerne fast i sykkelstyret for å frakte dei til kundane, ca tjue levande høner på eitt sykkelstyre er eit heilt vanleg syn. Hønene bidreg også til at bilturen gjerne kan fortone seg som eit banalt dataspel, der dei skvett ut i vegen rett framfor bilen, og spring hit og dit, flaksande, som – nettopp – høns.

I vegen likar også geitene å ferdast. Geitene likar å ferdast akkurat der dei vil. Som ungdomsgjengar i LA ruslar dei rundt i grupper, og ignorerer glatt alle forsøk på å stenge dei ute med gjerder og liknande. Når ei geit har funne vegen inn til eit interessant matfat, brekar dei høgt, for å tilkalle seg resten av gjengen. Alle forsøk på å jage dei vekk blir møtt med tomme blikk og ignorering, mens dei held fram med tygginga. Eg har aldri sett ei tynn geit i Malawi. Det seier litt, for både hundar, kyr og mange folk ser openbert ut som dei ikkje får nok mat. Det får dei ofte ikkje heller. Geitene, derimot, finn seg alltid nok mat. Gjerne i åkrane der folk prøver å dyrke mat til seg og familien, eller få nok til å selje sånn at dei kan tene ein liten slant. Og dei går over vegen når du kjem køyrande. Sakte, medan bilen nærmar seg, lurer dei på om du ikkje har tenkt å stoppe snart. Eller dei kjem, som hønene, byksande ut rett framfor bilen. Eigentleg er det eit under at vi ikkje har treft noko levande med ein av bilane vår enno.


Trøysta i møtet med geitene er at det likevel er folka som ler sist og best (trur eg). Dei fleste geitene endar livet i møtet med ei øks, etter eit høveleg opphald på bagasjebrettet til ein sykkel. Deretter blir dei servert i heimar og restaurantar, under namnet ”beef”. Det same gjeld hønene: eg har aldri ete så mykje egg og kylling (høne?) som eg har gjort desse månadane. Når eg kjem at til Norge blir det biff. Av ku.

onsdag 30. oktober 2013

Innlegg igjen!

No er det skrekkelig lenge sidan eg har blogga. Det er litt dumt, fordi det kan hende de som les bloggen min har blitt leie av å vente, og kanskje gitt opp. I alle fall blitt litt irriterte etter å ha sjekka ørten gongar, og det framleis ikkje er noko nytt å lese. Sorry! De veit korleis det er: i juni var ting litt tunge og vanskelege på jobb og generelt, og blogging er ofte eit overskotsprosjekt. Så fekk eg besøk og var på ferie nesten heile juli, og storkosa meg. Tilbake på jobb etter å ha sett familien på eit fly – utan meg – var det litt tungt igjen ei vekes tid, og så var det plutselig mykje å gjere. Når eg endelig tenkte at ”no må eg blogge litt igjen!”, var det gått så lang tid at eg ikkje heilt visste kor eg skulle starte, og så drog eg ein tur til Europa i bryllaup og anna stas. Og sånn går no dagane.

No er vi i slutten av oktober, eg har reist både hit og dit sidan sist, hatt mykje besøk, vore heime i Florø og Bergen ein snartur (!), fått gjort litt meir på jobb, flytta inn i nytt hus og fått to nye hundar. Eg har mista trua på at det går an å drive utviklingsarbeid som faktisk bidrar positivt, og fått den (delvis) tilbake. I hovudstaden har president Joyce Banda sparka heile regjeringa på grunn av avdekking av omfattande korrupsjon i eit forsøk på å blidgjere donorar, for ei veke etter å innsette ny regjering med stort sett dei same medlemmane. Førre helg var vi i bryllaup i Blantyre, der brudeparet fekk kasta pengar på seg i tre timar medan det vart spilt musikk på full guffe frå ein øydelagt høgtalar, og det var det. Neida, det var eigentleg veldig hyggelig. Eg har blitt husmor og lagar eigen yoghurt, bakar brød og lagar både lunsj og middag nesten kvar dag. Riktignok gjer eg framleis ikkje noko anna husarbeid eller vaskar opp, det med hushjelp kan det bli vanskeleg å venne seg av med til neste år.


Planen var no å laste opp ein del bilete frå det som har skjedd sidan sist, sånn at de kan få sjå litt meir av kva eg har vore med på. Men internett har bestemt seg for å bruke fem minutt på å laste inn framsida på ei nettavis i dag, så eg tør ikkje ein gong å prøve å starte å laste dei opp. Eg lovar å gjere det snart!

fredag 7. juni 2013

To skritt fram og tre tilbake


Det er ikkje alltid like lett å vere maks motivert for jobben. Dette gjeld sjølvsagt for (nesten) alle som har ein jobb, og er på ingen måte uventa. Noko som gjer det litt ekstra slitsamt er derimot kombinasjonen med å samstundes skulle leve i eit framand, nytt land, der dei fleste ting ikkje fungerer som dei skal, og på langt nær slik vi er vande til. Ikkje minst gjeld dette på jobb.

Gjennom førebuingskurset med Fredskorpset i Sør-Afrika, rett før vi reiste hit, vart vi (sjølvsagt) førebudd. På at det kom til å bli vanskeleg å oppnå alle resultata vi ønskjer, og at det kan vere krevjande å jobbe i ein svært annleis kultur. Dette har eg og – intellektuelt – vore klar over sidan før eg søkte jobben. Dessverre er ikkje slik kunnskap eit hinder for at det blir nettopp slik ein har forventa.

Ein av tinga eg har jobba mykje med sidan eg kom hit er å utvikle restauranten vi driv på kultursenteret. Både service, økonomistyring, meny og personalhandtering har vore tema, og i slutten av april var det deilig å konstatere at alt dette såg ut til å vere på rett veg. Det har tatt lang tid og kravd mykje jobb, og det har på ingen måte vore samanliknbart med korleis same type jobb hadde vore i Norge. Noko som sjølvsagt har vore frustrerande i seg sjølv, men forventninga om at slik kom det til å bli har gjort det lettare.

Når eg då kjem tilbake etter tre veker med deilig ferie og finn at all framgangen ser ut til å ha forsvunne medan eg var borte, er det verre. Og ikkje berre den framgangen som har komme sidan eg kom hit; deler av drifta ser til og med ut til å ha blitt dårligare enn utgangspunktet. Då er det vanskeleg å halde motivasjonen på topp.

Heldigvis går slike ting i bølgjer, og heldigvis er eg generelt svært optimistisk av meg. No trur eg motivasjonen er på veg opp att, og eg trur vi kan snu ting rundt slik at det går rett veg igjen. Og sjølv om kunnskap om at ting vil bli vanskeleg ikkje hindrar det i å faktisk bli vanskelig, er det ei trøyst når alt ser litt svart ut. Det gjer det lettare for meg å gjere det eg alltid prøver på, nemlig å overbevise meg sjølv om at det kjem til å ordne seg.

Her på den sørlege halvkula er det vinter no, og det er blitt kaldare i veret. Og litt verre enn det var for tre månadar sidan at det berre er kaldt vatn i dusjen. Likevel er det ikkje så verst å bo i Malawi. Innimellom blir det litt mykje på ein gong, men noko av poenget med dette året var jo å utfordre meg sjølv. Og stort sett er livet ganske fint. Trass alt er klimaet no veldig behagelig, det er sol kvar dag, og eg har gode vennar å tilbringe fritida med. I juli får eg besøk og skal ha ferie igjen, i det heile er det mykje å gle seg over. Og sjølv om jobben kan vere krevjande, klarar eg ikkje heilt å miste troa på at det likevel er mogleg å få til positive endringar. Så får eg heller gjere opp status når året er slutt.

lørdag 11. mai 2013

Into the wild(s)


Her kjem andre oppdatering i serien ”Ei feriehistorie: Pia og Eva på tur i Afrika”. I Første del, som Pia skreiv på bursdagen sin – gratulerer med overstått! (eg huska det på sjølve dagen og, altså) – var det litt klaging over mangelen på eksotiske dyr i Afrika. Etter å ha budd her over tre månadar sjølv utan å a sett noko meir eksotisk enn bavian (igjen med unntak av insekt), var eg ikkje overraska, men også veldig klar for safari. Som sagt så gjort.

I Malawi finst ein flyplass som er i bruk, i alle fall for alle praktiske formål. Det betyr at alternativa for å komme seg rundt er (mini)buss, haiking eller eigen bil. I den føretrekte rekkefølgja. Vi reiser sjølvsagt med eigen bil, og godt er det. Om vi skulle basert oss på kollektivtransport hadde vi kanskje klart å få dekka ein tredel av det vi får til no. Kanskje. Dessutan hadde det ikkje vore ein ferie eg hadde fått Pia med på, eller for så vidt meg sjølv. Med eigen bil har vi sidan sist, som sagt, vore på safari, der Pia (og eg) endelig har fått sjå eksotiske og ville dyr:



Første møte var å bli heldt vakne av rautande flodhestar når vi skulle sove første natt i telt. Sidan vi riktig nok ikkje såg dei, såg vi oss nøydde til å dra på elvebåtsafari. Etter ei stund med venting der fire menn fånyttes prøvde å få liv i motoren på denne båten:



måtte vi dessverre bytte til denne:



Så bar det avstad oppover (eller nedover? Litt pinleg å ikkje vere heilt sikker på den detaljen…) elva, for å endeleg få sett ville dyr. Vi tok igjen på flodhestane, og vekte dei der dei låg og slumra i vassflata. Deretter såg vi minst tre ulike eksotiske fugleartar. Landskapet var veldig pent, men ganske fritt for dyr. Kaldt var det og. Lenge trudde vi at det næraste vi skulle komme å sjå elefantar var ein mørk flekk som likna veldig på buskene rundt, men som guiden vår insisterte på at var ein elefant. Heldigvis fikk vi ein mykje betre kikk på veg tilbake:



Alt i alt var det ei kald oppleving, litt eksotisk, men ikkje fryktelig imponerande. Stakkars Pia må nøye seg med dette, eg skal på ny safari i Zambia i juli, som visstnok er mykje betre. Pia er veldig nøgd med at vi ikkje kom nærmare dei eksotiske dyra, sjølv om eg mistenker at ho hadde blitt imponert om vi hadde sett ei løve. - Elefantar hadde vi på Tøyen, som ho så blasert formulerte det.

Etter to dagar køyring, der vegen opptil fleire gongar prøvde å ta livet av både bilen og oss (sports-bh er det einaste riktige for biltur i Mosambik), er vi no framme i Vilanculo. Vi kom fram på min bursdag, og fikk creme caramel med lys på i restauranten på hotellet!



Her er det veldig fint. I skrivande stund sit vi i baren ved bassenget med kvar vår mango daquiri. Tidlegare i dag har vi vore på stranda, og i morgon skal vi dykke. I det Indiske hav. På korallrev, med mange fargar, fiskar og til og med rokker!

Vi er no nemlig sertifiserte dykkarar, rakk akkurat å ordne det før vi begge blei 30.