Eg prøvde å legge ut denne posten i går, men internett og den gamle, slitne pcen min konspirerte mot meg og gjorde at eg måtte utsette ein dag. I dag: seks dagar igjen til vi set oss på flyet.
I dag er det akkurat ei veke til vi forlet Malawi,
og under to veker til eg er heime igjen i Norge. Det er rart, fint, og litt
trist. Dei siste månadane og vekene før jul var travle, både på jobb og privat.
Vi har endelig fått i gang musikkskolen på kultursenteret (hurra!), og på
toppen av det heile til og med fått våre eigne instrument! Det var den lengste
og vanskelegaste shoppingprosessen eg nokon gong har vore med på, men etter
over 40 e-postar fram og tilbake, mykje om og men med om vi skulle få
momsfritak eller ikkje, hjelp frå ein hyggelig mann på den norske ambassaden og
tre timar på flyplassen for å få unna alt tollbyråkratiet, hadde eg endelig
alle instrumenta i bilen på veg til Nkhotakota. No er dei på plass, og allereie
i ferd med å bli utslitne. Gard og Espen som er musikklærarar for oss, gjennom
samarbeid med organisasjonen Music Crossroads i Lilongwe og Musikk og Ungdom i
Norge, fokuserer derfor mykje på korleis handtere instrumenta og handsame dei
pent, denne veka. Eg håpar det synk inn, slik at instrumenta kan vare lenge!
På privaten vart desember ein strålande månad for
å få med meg delar av Malawi eg hittil ikkje har besøkt. Høgdepunktet –
bokstaveleg talt – var ein fantastisk tur til det høgaste fjellet i Malawi,
Mount Mulanje. Det er eigentleg eit fjellmassiv med mange høge toppar, og målet
for vår tur var sjølvsagt den aller høgaste toppen: Sapitwa. Med sine 3002 moh
er det den nest høgaste fjelltoppen i sørlege Afrika, etter Kilimanjaro, og
solid høgderekord for meg personleg. Med fantastisk natur, ditto utsikt,
koselege hytter å overnatte i og akkurat passe utfordrande nesten-klatring på
veg mot toppen, vart det ei turoppleving som gir meirsmak på toppturar.
Etter ei veldig koselig julefeiring heime i
Nkhotakota, med pinnekjøttmiddag på julaftan, inkludert nesten alle dei
viktigaste ingrediensane (utanom familien, då), sette vi oss i bilen for å dra
nordover. Tidlegare har vi ikkje vore så veldig langt nord, og no var det
absolutt på tide; Nord-Malawi er nydelig! Vi overnatta to netter nær Livingstonia
på The Mushroom Farm, ein backpacker/hippie-øko-lodge som ligg kilt inn i ei
fjellside mange hundre meter over innsjøen, noko som gjer utsikta ganske
spektakulær. Kjempegod mat har dei og.
Eigentleg hadde vi tenkt å bu fire netter på
soppgården, og bruke det som utgangspunkt for fotturar i området. Men då det
viste seg at det var ein del lenger derfrå til Nyika-platået enn vi trudde,
sette vi oss i bilen igjen, for dit hadde vi veldig lyst. Platået er nok mest
for dei som har veldig lyst, og i tillegg har litt pengar og eigen bil, for det
er ikkje akkurat veldig tilgjengelig. Sju timar på grus-/gjørmeveg etter avgang
frå Livingstonia, seks av dei med køyring, ein med dekkskifte/dekkfiksing etter
punktering og proviantering i Rumphi, var vi framme på den einaste
overnattingsstaden i heile nasjonalparken. Der betalte vi 15 dollar for leige
av telt og soveposar, pluss 15 dollar til for leige av teltplass, alt sjølvsagt
pr person pr natt. Stive prisar, men det var likevel verdt det. Heilt ulikt
resten av Malawi, utrolig spesielt landskap med store, rullande åsar, kjølig
klima fordi det ligg så høgt, og grasande sebra og ulike typar antiloper. Og vi
såg ein leopard! Dessverre var han så rask at vi ikkje rakk å ta bilete før han
var forsvunne inn i skogen. Vi har og besøkt det høgaste fjellet her i området: Nchisi-fjellet, med ekte regnskog og nydelig utsikt.
Nyttårsaftan feira vi på vår faste
helgedestinasjon: Fish Eagle Bay. Det vart ei veldig annleis feiring enn å kle
seg ut og bere tunge ting gjennom Strandgata i Florø i vind og kulde, men
midnattsbad med sprudlevin og mykje bra folk på favorittstranda var heller
ikkje feil.
Sist helg hadde eg og Cecilie instruktørtrening i sjølforsvar for jenter på samme stad, det var kjempekjekt, og veldig stas og dei fire tøffe jentene var kjempeflinke. Så no håpar eg dei vil halde fram med sjølforsvarskursa!
No er det veldig lite som gjenstår her, litt
pakking og kasting, avskjedsfest på Kultursenteret på fredag, ein siste tur til
Fish Eagle på søndag – og så siste køyretur til Lilongwe på måndag. Det blir
rart. Men fint. Eg gler meg til å komme heim, sjølv om dei siste månadane har
vore veldig bra, og Nkhotakota verkeleg har kjentes som heime. Eg håpar berre
eg ikkje frys i hel i minusgradene der heime!
P.S: Dersom de er nysgjerrige på livet i
Nkhotakota også etter at eg har reist, kan de følgje med på
bloggen til Trygve!
Han skal ta over jobben til Thomas, og huset og hundane mine. I førre veke var
han nokre dagar på besøk, så han har allereie starta Malawi-blogginga.
 |
Dette er Chisepo, hytta som ligg nærast Sapitwa på Mulanje-platået. Her overnatta vi før vi gjekk opp på toppen, som de kan sjå i bakgrunnen, kl fem neste morgon. |
 |
Utsikten frå hytta er spektakulær. |
 |
Inni var det enkelt, men veldig koselig. Vi fekk villmynte av oppsynsmannen, som vi laga te av. Smakte litt mynte, litt timian, og heilt rett. |
 |
Solnedgang og skyer øydela ikkje akkurat utsikten. |
 |
Den flinke og snille oppsynsmannen hogga ved til oss. Han varma og vatn til bad og te. |
 |
Klokka er fem om morgonen, og vi er klar for tur. |
 |
Om det hadde vore brattare, måtte vi hatt utstyr. Om det hadde regna, måtte vi snudd. Dette er guiden vår, Peter, som har guida folk på Mulanje-platået i ni år. |
 |
Av ein eller annan grunn insisterer internett på å legge biletet på sida. Og eg orkar ikkje krangle med internett om akkurat det i dag. Men her er vi altså på toppen! |
 |
Ingenting å seie på utsikten frå toppen heller. |
 |
I nokre retningar. |
 |
Etter toppturen gikk vi til ei anna hytte, der vi overnatta før nedturen. Solnedgangen her var også heilt ok. |
 |
På julaftan hadde vi og ein skikkelig luksuriøs frukost, med mellom anna ost, kjøt, heimelaga rundstykker, heimesylta rødbeter, og norsk røykelaks! Sistnemnde fann vi i frysedisken på favorittbutikken i Lilongwe, og var eitt av høgdepunkta. |
 |
På toppen av den høgste fossen i Malawi, 125 meter ned, ein liten spasertur frå The Mushroom Farm. |
 |
Ein av innbyggarane i Livingstonia. |
 |
Også på Nyika-platået måtte nordmennene sjølvsagt finne den høgste toppen, og erobre den. |
 |
Toppen ser ikkje så imponerande ut herfrå, men det var skikkelig bratt! |
 |
Roan-antilopar var det mange av, her ein einsleg (hann?). |
 |
Vegen var ikkje alltid så lett å få auge på. |
 |
Etter ein del prusting og forsøk på å skremme oss lengre vekk frå flokken, gjekk sebraane med på å posere for kameraet. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar