Det er ikkje
alltid like lett å vere maks motivert for jobben. Dette gjeld sjølvsagt for
(nesten) alle som har ein jobb, og er på ingen måte uventa. Noko som gjer det
litt ekstra slitsamt er derimot kombinasjonen med å samstundes skulle leve i
eit framand, nytt land, der dei fleste ting ikkje fungerer som dei skal, og på
langt nær slik vi er vande til. Ikkje minst gjeld dette på jobb.
Gjennom
førebuingskurset med Fredskorpset i Sør-Afrika, rett før vi reiste hit, vart vi
(sjølvsagt) førebudd. På at det kom til å bli vanskeleg å oppnå alle resultata
vi ønskjer, og at det kan vere krevjande å jobbe i ein svært annleis kultur.
Dette har eg og – intellektuelt – vore klar over sidan før eg søkte jobben.
Dessverre er ikkje slik kunnskap eit hinder for at det blir nettopp slik ein
har forventa.
Ein av tinga
eg har jobba mykje med sidan eg kom hit er å utvikle restauranten vi driv på
kultursenteret. Både service, økonomistyring, meny og personalhandtering har
vore tema, og i slutten av april var det deilig å konstatere at alt dette såg
ut til å vere på rett veg. Det har tatt lang tid og kravd mykje jobb, og det
har på ingen måte vore samanliknbart med korleis same type jobb hadde vore i
Norge. Noko som sjølvsagt har vore frustrerande i seg sjølv, men forventninga
om at slik kom det til å bli har gjort det lettare.
Når eg då
kjem tilbake etter tre veker med deilig ferie og finn at all framgangen ser ut
til å ha forsvunne medan eg var borte, er det verre. Og ikkje berre den
framgangen som har komme sidan eg kom hit; deler av drifta ser til og med ut
til å ha blitt dårligare enn utgangspunktet. Då er det vanskeleg å halde
motivasjonen på topp.
Heldigvis går
slike ting i bølgjer, og heldigvis er eg generelt svært optimistisk av meg. No trur
eg motivasjonen er på veg opp att, og eg trur vi kan snu ting rundt slik at det
går rett veg igjen. Og sjølv om kunnskap om at ting vil bli vanskeleg ikkje
hindrar det i å faktisk bli vanskelig, er det ei trøyst når alt ser litt svart
ut. Det gjer det lettare for meg å gjere det eg alltid prøver på, nemlig å
overbevise meg sjølv om at det kjem til å ordne seg.
Her på den sørlege halvkula er det vinter no, og det er blitt kaldare i veret. Og litt verre enn det var for tre månadar sidan at det berre
er kaldt vatn i dusjen. Likevel er det ikkje så verst å bo i Malawi. Innimellom
blir det litt mykje på ein gong, men noko av poenget med dette året var jo å
utfordre meg sjølv. Og stort sett er livet ganske fint. Trass alt er klimaet no
veldig behagelig, det er sol kvar dag, og eg har gode vennar å tilbringe
fritida med. I juli får eg besøk og skal ha ferie igjen, i det heile er det
mykje å gle seg over. Og sjølv om jobben kan vere krevjande, klarar eg ikkje
heilt å miste troa på at det likevel er mogleg å få til positive endringar. Så
får eg heller gjere opp status når året er slutt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar