Her kjem andre oppdatering i serien ”Ei
feriehistorie: Pia og Eva på tur i Afrika”. I Første del, som Pia skreiv på
bursdagen sin – gratulerer med overstått! (eg huska det på sjølve dagen og,
altså) – var det litt klaging over mangelen på eksotiske dyr i Afrika. Etter å
ha budd her over tre månadar sjølv utan å a sett noko meir eksotisk enn bavian
(igjen med unntak av insekt), var eg ikkje overraska, men også veldig klar for
safari. Som sagt så gjort.
I Malawi finst ein flyplass som er i bruk, i alle
fall for alle praktiske formål. Det betyr at alternativa for å komme seg rundt
er (mini)buss, haiking eller eigen bil. I den føretrekte rekkefølgja. Vi reiser
sjølvsagt med eigen bil, og godt er det. Om vi skulle basert oss på kollektivtransport
hadde vi kanskje klart å få dekka ein tredel av det vi får til no. Kanskje.
Dessutan hadde det ikkje vore ein ferie eg hadde fått Pia med på, eller for så
vidt meg sjølv. Med eigen bil har vi sidan sist, som sagt, vore på safari, der
Pia (og eg) endelig har fått sjå eksotiske og ville dyr:
Første møte var å bli heldt vakne av rautande flodhestar når vi skulle sove første natt i telt. Sidan vi riktig nok ikkje såg dei, såg vi oss nøydde til å dra på elvebåtsafari. Etter ei stund med venting der fire menn fånyttes prøvde å få liv i motoren på denne båten:
måtte vi dessverre bytte til denne:
Så bar det avstad oppover (eller nedover? Litt
pinleg å ikkje vere heilt sikker på den detaljen…) elva, for å endeleg få sett
ville dyr. Vi tok igjen på flodhestane, og vekte dei der dei låg og slumra i
vassflata. Deretter såg vi minst tre ulike eksotiske fugleartar.
Landskapet var veldig pent, men ganske fritt for dyr. Kaldt var det og. Lenge trudde
vi at det næraste vi skulle komme å sjå elefantar var ein mørk flekk som likna
veldig på buskene rundt, men som guiden vår insisterte på at var ein elefant.
Heldigvis fikk vi ein mykje betre kikk på veg tilbake:
Alt i alt var det ei kald oppleving, litt
eksotisk, men ikkje fryktelig imponerande. Stakkars Pia må nøye seg med dette,
eg skal på ny safari i Zambia i juli, som visstnok er mykje betre. Pia er
veldig nøgd med at vi ikkje kom nærmare dei eksotiske dyra, sjølv om eg
mistenker at ho hadde blitt imponert om vi hadde sett ei løve. - Elefantar hadde
vi på Tøyen, som ho så blasert formulerte det.
Etter to dagar køyring, der vegen opptil fleire
gongar prøvde å ta livet av både bilen og oss (sports-bh er det einaste riktige
for biltur i Mosambik), er vi no framme i Vilanculo. Vi kom fram på min bursdag, og fikk creme
caramel med lys på i restauranten på hotellet!
Her er det veldig fint. I skrivande stund sit vi i
baren ved bassenget med kvar vår mango daquiri. Tidlegare i dag har vi vore på stranda, og i morgon skal vi dykke. I det Indiske hav. På korallrev, med mange fargar,
fiskar og til og med rokker!
Vi er no nemlig sertifiserte dykkarar, rakk
akkurat å ordne det før vi begge blei 30.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar