Ymse observasjonar og refleksjonar frå ein liten by ved breidda av Malawisjøen.

mandag 22. april 2013

Kunyumba



Nyumba er ordet for hus på Chichewa, som er det offisielle språket i Malawi, i tillegg til engelsk. Kunyumba betyr direkte oversett ved, til eller i huset. Når ein har helsa på t.d. ein kollega, og spurt korleis vedkommande vakna (mwadzuka bwanji?), korleis dagen har vore (mwaswera bwanji?) eller berre generelt korleis det går (muli bwanji?), alt etter situasjon og tid på dagen, spør ein gjerne korleis det går ”kunyumba”. Då lurer ein ikkje på korleis det står til med sjølve bygningen, men heller om alt står bra til heime, inkludert alle familiemedlemmar.

Sånn ser huset mitt ut, sett frå porten.


Som (relativt veldig) rik nordmann her, har eg mitt eige hus – nyumba yanga – med eigen hage. Kunyumba er det ganske greitt. Eg treng ikkje å vaske huset sjølv, eller kleda mine, til slikt har eg hushjelp. Blessings heiter ho, og stryk til og med trusene mine. I tillegg har eg vakter, som i tillegg til å opne porten når eg kjem køyrande, steller hagen, vaskar bilen og gjer anna arbeid som trengs rundt huset. Når hunden min, Joy, treng eit bad, er det felles innsats av vakt og hushjelp som sørgjer for rein, om noko fornærma, hund. Mat og slikt til Joy treng eg også berre tenke på når det er naudsynt med innkjøp, elles tek Blessings eller vaktene seg av slikt.

Joy står i ro og finn seg i å bli vaska, men det er tydelig at ho ikkje er veldig nøgd med handsaminga. Etterpå går ho bak huset og furtar ei stund, før ho gløymer heile fornærminga og kjem springande tilbake for leik eller kos.


Det negative med nyumba yanga er at standarden er så som så. Som at ingen av dørene eller vindauga passar i karmane sine, at veggane smuldrar opp, sakte, men sikkert, at dei insektnetta som ikkje er hol i gjer at vindauga ikkje kan opnast. Eller at eg og vakta mi brukte ein heil laurdags formiddag på å få hengt opp boksesekken min i stua, festa i takbjelkane, for så å oppdage at eit middels hardt slag fekk heile taket til å knake og takvifta til å svaie faretrugande. Då er det igjen fint å ha tilsette som kan ordne, sjølv om ikkje alle løysingane er like haldbare eller vakre (eg skal jo trass alt berre bu her knappe ni månadar til). Så no har eg boksesekkstativ i hagen!

Etter mykje tenking, noko prøving og ditto feiling, har eg no ei løysing  som faktisk fungerer. Og eg har starta treninga, akkurat i tide til at ferien kan sabotere.


Om huset er dårleg bygd og ikkje spesielt vakkert, har det likevel absolutt sine positive sider. Det er relativt høgt under taket og luftig (ekstra luftig når det bles, sidan nokre av vindauga ikkje kan lukkast lenger), og romsleg. Eg har stue, spisestue, gjesterom, vakt-/hushjelprom, gjestetoalett, relativt stort soverom, med eige bad, og eit bitte lite kjøkken. Då eg kom hit var her sparsamt møblert, men sakte (og noko usikkert) får eg fleire møblar. Eg har no spisebord med tilhøyrande stolar, ein komfyr som faktisk fungerer, og eit garderobeskap! Sistnemnte er fekk eg riktig nok før treet hadde tørka skikkelig, sånn at kleda eg har lagt i det både blir fuktige og luktar av tre og lakk. Men eit par dagar i hagen i solsteiken ordnar nok det problemet.

Kreative løysingar på uvante problem fører til at hagen min i det siste har sett litt ut som eit kunstprosjekt. Sjølv om eit skikkelig kunstprosjekt hadde hatt ein fotograf som faktisk klarte å få biletet skarpt. Jaja, i ettermiddag skal skapet på plass! Håpar det er tørt...

Her er fleire bilete av huset - inni og utanfor:


Stua mi. Inst i gangen er soverommet mitt.




Senga mi, for høvet ikkje oppreidd. Vanlegvis sørgjer
Blessings for at alt er strøkent. Heller ikkje på dette
biletet: den nye dyna eg har skaffa meg. Ja, eg har blitt
aklimatisert. 


Hagen min fungerer også som parkeringsplass, noko som iblant går litt hardt utover graset. Men blomsterbeda er kjempefine!


Stas med blomster i hagen - spesielt når nokon til og med sørger for å halde dei i live!


Joy!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar