Nyumba er ordet for hus på Chichewa, som er det
offisielle språket i Malawi, i tillegg til engelsk. Kunyumba betyr direkte
oversett ved, til eller i huset. Når ein har helsa på t.d. ein kollega, og
spurt korleis vedkommande vakna (mwadzuka bwanji?), korleis dagen har vore
(mwaswera bwanji?) eller berre generelt korleis det går (muli bwanji?), alt
etter situasjon og tid på dagen, spør ein gjerne korleis det går ”kunyumba”. Då
lurer ein ikkje på korleis det står til med sjølve bygningen, men heller om alt
står bra til heime, inkludert alle familiemedlemmar.
Sånn ser huset mitt ut, sett frå porten. |
Som (relativt veldig) rik nordmann her, har eg
mitt eige hus – nyumba yanga – med eigen hage. Kunyumba er det ganske greitt. Eg
treng ikkje å vaske huset sjølv, eller kleda mine, til slikt har eg hushjelp.
Blessings heiter ho, og stryk til og med trusene mine. I tillegg har eg vakter,
som i tillegg til å opne porten når eg kjem køyrande, steller hagen, vaskar
bilen og gjer anna arbeid som trengs rundt huset. Når hunden min, Joy, treng
eit bad, er det felles innsats av vakt og hushjelp som sørgjer for rein, om
noko fornærma, hund. Mat og slikt til Joy treng eg også berre tenke på når det
er naudsynt med innkjøp, elles tek Blessings eller vaktene seg av slikt.
Det negative med nyumba yanga er at standarden er
så som så. Som at ingen av dørene eller vindauga passar i karmane sine, at veggane
smuldrar opp, sakte, men sikkert, at dei insektnetta som ikkje er hol i gjer at
vindauga ikkje kan opnast. Eller at eg og vakta mi brukte ein heil laurdags formiddag
på å få hengt opp boksesekken min i stua, festa i takbjelkane, for så å oppdage
at eit middels hardt slag fekk heile taket til å knake og takvifta til å svaie
faretrugande. Då er det igjen fint å ha tilsette som kan ordne, sjølv om ikkje
alle løysingane er like haldbare eller vakre (eg skal jo trass alt berre bu her
knappe ni månadar til). Så no har eg boksesekkstativ i hagen!
Etter mykje tenking, noko prøving og ditto feiling, har eg no ei løysing som faktisk fungerer. Og eg har starta treninga, akkurat i tide til at ferien kan sabotere. |
Om huset er dårleg bygd og ikkje spesielt vakkert,
har det likevel absolutt sine positive sider. Det er relativt høgt under taket
og luftig (ekstra luftig når det bles, sidan nokre av vindauga ikkje kan
lukkast lenger), og romsleg. Eg har stue, spisestue, gjesterom,
vakt-/hushjelprom, gjestetoalett, relativt stort soverom, med eige bad, og eit
bitte lite kjøkken. Då eg kom hit var her sparsamt møblert, men sakte (og noko
usikkert) får eg fleire møblar. Eg har no spisebord med tilhøyrande stolar, ein
komfyr som faktisk fungerer, og eit garderobeskap! Sistnemnte er fekk eg riktig
nok før treet hadde tørka skikkelig, sånn at kleda eg har lagt i det både blir
fuktige og luktar av tre og lakk. Men eit par dagar i hagen i solsteiken ordnar
nok det problemet.
Senga mi, for høvet ikkje oppreidd. Vanlegvis sørgjer Blessings for at alt er strøkent. Heller ikkje på dette biletet: den nye dyna eg har skaffa meg. Ja, eg har blitt aklimatisert. |
Hagen min fungerer også som parkeringsplass, noko som iblant går litt hardt utover graset. Men blomsterbeda er kjempefine! |
Stas med blomster i hagen - spesielt når nokon til og med sørger for å halde dei i live! |
Joy! |