Her går det unna. Hadde jo eigentlig tenkt å
oppdatere bloggen mykje oftare enn dette, men jammen er det gått over ei veke
sidan sist. Hektisk har det vore, har stort sett program heile dagane, og om
kveldane er det mat og elles ikkje tid til så fryktelig mykje anna. Ein ny tur
til Lilongwe har eg vore og, på ny fikserunde. Det er nok litt fordi det
framleis er mykje praktisk styr som følgjer med å flytte til nytt land og nytt
hus, spesielt når huset har ein heil del manglar både innvendig og utvendig.
Og internett er det best å bruke på
kultursenteret, der det faktisk fungerer strålande etter arbeidstid (når ikkje
alle tilsette i offentleg administrasjon og kundar på internett-kafeen prøver å
bruke same wi-fi’en på ein gong). Problemet med å bruke internett på
kultursenteret etter arbeidstid er at det veldig fort blir mørkt. Det er for så
vidt ikkje eit problem i seg sjølv, men når eg då skal heim, er det ikkje
veldig fristande å gå aleine eit kvarter i stupmørket over ei gammal gjengrodd
flystripe, med flust av laushundar og ymse folk (dei fleste heilt sikkert
normale, hyggelege menneske, men også nokre rusa og gale – tilsynelatande). Sannsynlegvis hadde det vore heilt trygt, men
det kan eg ikkje vite, og for meg er det veldig uvant å ikkje kjenne meg trygg.
Problemet med å komme seg heim om kvelden løyser
seg forhåpentleg ganske snart; eg skal kjøpe meg bil! Det gler eg meg veldig
til, spesielt å sleppe å vere avhengig av at nokon kan følgje meg eller køyre
meg heim. Då kan eg ta meg ein tur til kultursenteret og bruke internett
akkurat når eg vil, eller på besøk til folk – eller berre slappe av heime i
vissa om at eg kan dra ut, om eg vil.
Eg skal prøve å blogge ofte og kort, heller enn
sjeldan og langt. Vi får sjå korleis det går – det skjer så mykje, og det er så
mange ting eg tenkjer at eg burde skrive om, at det veldig fort framstår som ei
overveldande oppgåve å i det heile tatt skulle begynne. Men eg jobbar med å
ikkje vere så pirkete, og heller berre skrive. Som no, denne teksten har eg
skrive på 15 min på kontoret, mest for å komme i gang igjen og senke lista for
meg sjølv. Eg har også lovt meg sjølv å bli flinkare på bilete-fronten, men det
er ein av dei tinga som bidrar til at blogg-oppgåvene kjennast store og tidkrevjande, så de får bere over med meg J
Til slutt må eg understreke at eg har det veldig
bra! Der er framleis mykje å ordne i huset (t.d. insektnett framfor dører og
vindauge…), her er ganske mange bugs å venne seg til, eg har førebels ikkje bil
og må på møte kl halv ni laurdag morgon. Men folka er utruleg hyggelege, jobben
kjempeinteressant og toleransen min for sære bugs overalt blir styrka i
overraskande tempo – dessutan er det desidert verst no i regntida, noko som
betyr at det blir færre av dei samstundes som eg bryr meg mindre og mindre. Og
etter møtet mitt på laurdag (om veret er bra) skal vi på stranda!
Dette vart ganske tilfeldig, og litt usamanhengande,
men no er eg i alle fall i gang igjen. Meir snart, eg lovar!
Så kjekt å lese at du har det bra Eva! På Hawaii var det maur i senga og ikke nok med at eg har blitt fortalt at eg snakke i søvne så slår eg også maur til døde i søvne. Noe å øve seg på. :)
SvarSlett