Ymse observasjonar og refleksjonar frå ein liten by ved breidda av Malawisjøen.

torsdag 31. januar 2013

På plass!




Endelig i Nkhotakota! Min nye heim for det neste året. Etter to veker i usakleg luksus på Fredskorpset sitt førebuingskurs i Sør-Afrika (les meir om kurset og hotellet på Thomas sin blogg), kom vi fram til Lilongwe på søndag. 


Endelig i Malawi! På veg frå flyplassen til Lilongwe


Kuche betyr daggry,
og namnet skal
fortelle at du kan
drikke det heile natta

Sidan hovudstaden har fleire av dei tenestene vi treng i starten enn her – minibank, telefonbutikk, generelle shoppingmoglegheiter – tok vi inn på Welcome Lodge for å bli over til måndag. Eit heilt ok koseleg lite gjestehus, sjølv om manglande vatn og deretter straumbrot gjorde standarden litt lågare enn planlagt. Men eit godt måltid, lokalt øl i glaset og fotball på skjermen meir enn vog opp for manglande vatn på rommet. Dessutan kom det ein mann og fylte opp cisterna på do fleire gongar, så då var det lite å klage på.







Etter mykje køyring att og fram, fiksing, handling og litt for lite mat (viste det seg), sette vi kursen nordaustover, mot Nkhotakota. Køyreturen tok ca tre timar, der Malawi viste oss både strålande sol og kraftig regnver. 

Vi fekk sjå mykje ulikt afrikansk ver på
turen frå Lilongwe til Nkhotakota


Vi var sjølvsagt spente på korleis vi skal bu det kommande året, både byen og husa. Sidan det eine huset er under oppussing, hadde vi avalt å bu saman i det andre den første veka. Første møte med huset vart noko tøffare enn forventa. Sjølvsagt var vi budde på at standarden ikkje kom til å vere veldig høg, men vi hadde nok trudd det skulle vere noko meir klargjort for oss enn det vi opplevde. Då vi kom fram, ein halvtime før det vart mørkt, var det berre seng i eitt rom i huset. Der var nesten ikkje møblar, insektnetta foran vindauga var anten holete eller ikkje der i det heile. Over senga var der ikkje myggnett. Og huset krydde av insekt, inkludert den største kakerlakken eg nokon sinne har sett.


Nokre handverkarar, litt kortare sengebein så senga kom gjennom døra, eit par nye myggnett og ein heil del insektspray seinare, var utsiktene til å tilbringe natta der noko lysare. Legg til middag på kultursenteret og eit par øl på ein av dei små pubane, og vi sov søtt under myggnetta våre første natta. 

I dagslys er jo alt som kjent mykje lettare, og når tysdagen kom såg vi lysare på tilveret. Med heftig spraying av huset (brukte opp ein stor boks Doom det første døgnet), er det nesten ingen bugs att. Mesteparten av tida har vi forsåvidt brukt andre plassar; på jobb, på kultursenteret og på pub der vi har sett fotball. Når vi kjem meir i orden og litt meir inn i kvardagen, blir det nok kvalitetstid heime også. Der bur verdas skjønnaste og mest entusiastiske hund: Joy! Meir om ho, jobben (som eg trur blir kjempespennande), mobiltelefonar, fotball, bilkjøp og mykje anna seinare. Zikomo!

Kafekontor på kultursenteret - Thomas, Robert og Jack, i bakgrunnen Josh


Veldig stilig konstruksjon av kultursenteret

I Nkhotakota er det
ikkje så viktig med veggar


2 kommentarer:

  1. Pub, fotball og øl - det er jo nett som heime :)
    Strålande start, gler meg til framhaldet!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, med dei viktigaste tinga på plass er det ingen sak å tilpasse seg resten ;) Takk! Skal prøve å oppdatere kort og ofte :)

      Slett