Som de kanskje har lese på bloggen til
Thomas og Cecilie, var vi på tur igjen i helga. Sidan eg enno ikkje har så mykje spennande å skrive om å redde verden (har ikkje heilt knekt koden enno), tenkte eg å oppdatere dykk enno litt meir på kor fint vi har det når vi ikkje jobbar eller køyrar rundt i landet for å fikse ymse praktiske ting.
Måndag var det nasjonal helligdag, så vi hadde langhelg ved laken (engelsk/norsk slang for innsjøen, har ingenting med sengetøy eller sylting å gjere. Ikkje heilt sikker på kva eg synst om ordet, men det er det vi brukar, så no er det offisielt introdusert her også.) Denne gangen gjekk turen til Senga Bay, litt lengre unna og litt fancyare enn Fish Eagle. Framleis nydelig innsjø og herlig strandliv, og i tillegg fekk vi vere med ut med båt! Det var veldig stas, og Maleri Islands var usakleg flotte. Her er nokre bilete, enjoy og misunn!
 |
Ved den eine av dei tre Maleri-øyene har dei ei fyrlykt. Det synst eg var ganske søtt. |
 |
Folk med pengar har mange hestekrefter, folk utan har berre eiga muskelkraft.
Til gjengjeld har dei imponerande balanse. |
 |
Her er Thoms og Cecilie i bassenget på den nyopna lodgen på eine øya. Trur egentlig det er unødvendig å nemne at turen kjem til å gå tilbake hit minst ein gong. |
 |
Dette biletet er tatt frå bassengkanten. Under taket er der hengekøyer. |
 |
Veit ikkje heilt kor god kvaliteten var på dette biletet, men øyene er utruleg grønne - i alle fall no i regntida. |
 |
Litt ørnesafari fekk vi også pressa inn, plystring og små fisk var gode lokkemidlar for fiskeørna. Her må eg berre ta sjølvkritikk på at eg ikkje har med bilete av sjølve ørna, men kjem sikkert fleire høve. |
Til slutt må eg nemne (som de sikkert allereie har lest på den andre bloggen), at radiatoren i den fine nye bilen sa takk for seg. Det positive er at det tok ein dag og under 1000 kr å få det fiksa! Så no har vi ein ny, fin, brukt, men veldig brukbar radiator. Og eg lærer mykje om bilar og motorar, skal sjå eg er reine mekanikaren før året er omme :)
 |
Sånn ser radiatoren og viftene ut, utanfor motoren. Filla oppå høyrer egentlig ikkje til. Skal snart forsyne dykk med bilete av den nye radiatoren, som er festa til motoren. Stas å vere bileigar. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar