Ymse observasjonar og refleksjonar frå ein liten by ved breidda av Malawisjøen.

mandag 25. mars 2013

Oppdatering

Sidan sist:

- bursdagsfest for Cecilie. Leide kultursenteret, med catering. I tillegg hadde Cecilie bakt bollar og eg sjokoladekake. Legg til nokre kasser brus og øl, PA-anlegg med ymse variantar av happy birthday + mykje dansbar afrikamusikk, så får de eit lite inntrykk av stemninga.

- fått den nye bilen vår, ein traktor av ein landcruiser (sjå bilete under).

- kjørt ny landcruiser til, rundt omkring i, og tilbake frå Lilongwe. Stas.

- fått ny vatnkokar, komfyr, boksesekk og spisebord med stolar. Alt frakta i nemnte Landcruiser, sistnemnte på taket (sjå igjen bilete under). Startar å kjenne meg som ein ekte malawier.

- planta tre på ein barneskole med The Young Women Can Do It Club, alle (inkludert trea) også frakta i (no nemnt til det keisammelege) landcruiser.

- besøkt ein gammal mann i ein landsby for å høyre korleis det var i gamle dagar

- besøkt den nye dattera til kollega Andrew. Kjempesøt!

- mange andre ting som eg ikkje gidd å fortelle om, for no må eg i eit møte.

- planlagt neste veke, som inneber enno meir reising enn denne. Men litt av det er ferie, som blir veldig stas.

Re: - prøvd å laste opp dette innlegget fleire gongar dei siste to dagane. Og no er eg i Lilongwe - igjen. Jaja, det er eit vakkert land å køyre rundt i!








fredag 15. mars 2013

Tut i tide



I går snakka eg med mi gode venninne Tove på Skype, vår første samtale sidan eg kom til Malawi. I tillegg til at det var veldig stas å snakke med ho, vart eg merksam på kor mykje av dagleglivet her eg no tar for gitt – samstundes som det eigentleg er veldig annleis enn i Norge og strengt tatt ganske eksotisk. Slike ting kan det kanskje også vere interessant å dele her på bloggen, så her kjem eit innlegg om trafikk:

Det er ikkje veldig mange bilar som køyrer rundt i Malawi, i alle fall ikkje utanfor dei store byane. Noko som ikkje betyr at det er einsamt å ferdas langs vegane. Tvert om, på ein køyretur møter du alltid høner, geiter, laushundar, ein og annan merkeleg sau, og ikkje minst mengder av syklistar og fotgjengarar. Og det mest utfordrande med å køyre sjølv er ikkje at rattet er på feil side av bilen, giring går føre seg med venstre hand, og at alle (altså ikkje mange) møtande bilar passerar på høgre side – speglvendtkøyring går det forbausande raskt å venne seg til.

Dette skulle eigentleg vere eit litt morosamt innlegg om korleis det er å køyre i ein trafikkultur der det viktigaste trafikktryggingstiltaket er å sørgje for at hornet på bilen er i god stand. Tuting er kommunikasjonsmåte nr ein i trafikken i dette landet, og heller enn å signalisere at du er ein hissig bilist som er i ferd med å miste hovudet, betyr det ganske enkelt ”pass på, her kjem eg”. Sjølvsagt kan det også bety ”kom deg til h**** vekk!”, men som oftast er det ganske vennlig og lystig tuting.

Å skulle tute på folk og dyr utan at dei har gjort noko anna enn å ferdast langs vegen tok litt tid å venne seg til, men verkar stadig meir naturleg. Enno lenger tid tok det å lære seg riktig timing på tutinga. I starten venta vi for lenge med å gje melding til vinglete syklistar om at det no var ein bil bak dei. Resultatet av slikt blir gjerne at dei ser seg over høgre skulder (hugs, her har vi venstrekøyring), korpå sykkelen skjenar utover i vegen, før dei overkompenserar når dei ser kor nært bilen er, og kanskje hamnar i grøfta – eller det blir nesten ei nestenulykke. Om du derimot tuter i tide, har dei tid til heile runddansen utan å miste kontroll.

Stort sett fungerer tutinga ganske så bra. Men at det ikkje er eit fullgodt trafikktryggingstiltak vart vi påmint i dag tidleg. Då fekk vi vite at ein nevø av ein kollega vart påkjørt og drepen i går. Rett nok av ein minibuss, som er berykta for å vere farlege for både passasjerane og alle rundt, men det kunne vore framfor vår bil at det plutselig sprang ein unge.

Eg veit ikkje meir om korleis denne ulykka hendte, men nevøen til kollegaen vår vart berre 13 år. I dag har vi vore i gravferd. Det var veldig trist, men også fint å få vere med. Vi vart påmint at trafikken tek mange fleire liv i dette landet enn talet på bilar skulle tilseie, men også at døden i Malawi er ein del av livet på ein heilt annan måte enn heime. Kanskje eg skriv meir om det seinare.




torsdag 7. mars 2013

Fleire skrytebilete

Som de kanskje har lese på bloggen til Thomas og Cecilie, var vi på tur igjen i helga. Sidan eg enno ikkje har så mykje spennande å skrive om å redde verden (har ikkje heilt knekt koden enno), tenkte eg å oppdatere dykk enno litt meir på kor fint vi har det når vi ikkje jobbar eller køyrar rundt i landet for å fikse ymse praktiske ting.

Måndag var det nasjonal helligdag, så vi hadde langhelg ved laken (engelsk/norsk slang for innsjøen, har ingenting med sengetøy eller sylting å gjere. Ikkje heilt sikker på kva eg synst om ordet, men det er det vi brukar, så no er det offisielt introdusert her også.) Denne gangen gjekk turen til Senga Bay, litt lengre unna og litt fancyare enn Fish Eagle. Framleis nydelig innsjø og herlig strandliv, og i tillegg fekk vi vere med ut med båt! Det var veldig stas, og Maleri Islands var usakleg flotte. Her er nokre bilete, enjoy og misunn!

Ved den eine av dei tre Maleri-øyene har dei ei fyrlykt. Det synst eg var ganske søtt.

Folk med pengar har mange hestekrefter, folk utan har berre eiga muskelkraft.
Til gjengjeld har dei imponerande balanse.

Her er Thoms og Cecilie i bassenget på den nyopna lodgen på eine øya. Trur egentlig det er unødvendig å nemne at turen kjem til å gå tilbake hit minst ein gong.

Dette biletet er tatt frå bassengkanten. Under taket er der hengekøyer.
Veit ikkje heilt kor god kvaliteten var på dette biletet, men øyene er utruleg grønne - i alle fall no i regntida.


Litt ørnesafari fekk vi også pressa inn, plystring og små fisk var gode lokkemidlar for fiskeørna. Her må eg berre ta sjølvkritikk på at eg ikkje har med bilete av sjølve ørna, men kjem sikkert fleire høve.

Til slutt må eg nemne (som de sikkert allereie har lest på den andre bloggen), at radiatoren i den fine nye bilen sa takk for seg. Det positive er at det tok ein dag og under 1000 kr å få det fiksa! Så no har vi ein ny, fin, brukt, men veldig brukbar radiator. Og eg lærer mykje om bilar og motorar, skal sjå eg er reine mekanikaren før året er omme :)

Sånn ser radiatoren og viftene ut, utanfor motoren. Filla oppå høyrer egentlig ikkje til. Skal snart forsyne dykk med bilete av den nye radiatoren, som er festa til motoren. Stas å vere bileigar.

fredag 1. mars 2013

Bilbilbilbilbil!

Har kjøpt bil! Først denne i Lilongwe på tirsdag, deretter ein til i dag! Den andre er for tida i Cape Town, så det blir ikkje bilete før om ei veke eller to. Med det er ein diger badass tank av ein land cruiser. Sjå elles bloggen til Thomas for meir utfyllande skildringar :)