- laga pizza her for første gang. Ikkje veldig vellykka, dels skuldast dette den skrekkelige osten, som ifølgje Josh (amerikansk fredskorpsfrivillig som vi er ein del saman med) er heilt lik den vederstyggelege spray cheese'en som dei har i USA, dels at ovnsdøra mi ikkje kan lukkast skikkelig, slik at botn aldri vart gjennomstekt. Men har blitt lova ny ovn, og har kjøpt kjevle i hovudstaden! Så dette kan berre gå framover :)
- vore i bursdagsfest til kona til sjefen, festa og dansa heile natta sidan sjefen insisterte på at vi måtte sjå soloppgangen før vi gjekk heim
- gitt beskjed til vakta mi om at det ikkje er greitt at han ikkje kjem på jobb fordi det regnar
- vore ein tur til i Lilongwe for å fornye visum. På turen dit satt vi på i ein lastebil, seks stykker satt inni førarhuset, der det er to seter. Resten satt på lasteplanet. På vegen heim brukte vi denne skjønne saken, som vi har leid for ein ikkje altfor dyr penge:
- banna og steika litt over Blogger og manglande moglegheiter til redigering (akkurat no)
- endelig fått møte snekkaren som skal ordne insektnett foran dører og vindauge i huset mitt. Han skulle eigentleg starte arbeidet for to veker sidan - no er han i gang! Veit ikkje heilt kor mykje det vil hjelpe, sidan ingen av dørene eller vindauga passar i rammene sine, og det uansett er store glipper som ein katt lett ville komme seg inn gjennom. Menmen, han er i gang! Dessutan har eg kjøpt meg stort myggnett til senga mi i Lilongwe, pluss ny pute, så no er det skikkelig luksus å sove i senga mi.
- ikkje minst: tilbrakt heile denne helga, altså to netter, på lodgen Fish Eagle Bay. På stranda, ved innsjøen. Paradis.
- leika i vatnet, spilt tennis, blitt solbrent. Kost meg ihjel.
I morgon blir det - nok ein - tur til Lilongwe. Sukk. Men skal kjøpe bil! Har endelig fått ordna med pengar, det å faktisk få pengar frå Norge til Malawi er den største utfordringa når ein skal kjøpe bil. Men takka vere Nikolai, ein annan nordmann og FKar som bor i Kasungu, er vi no fullt utrusta til å faktisk få vår heilt eigne bil! Hurra! Skal prøve å oppdatere snart, må jo legge ut skrytebilete av bilen, om ikkje anna. Klemz!