No er det jaggu på tide å få lagt ut eit innlegg
igjen, med litt oppdateringar om korleis stoda er i Nkhotakota. Her har hot
season (den varmaste årstida, med temperaturar opp mot 40 grader) så smått
begynt å bli utfordra av regntida, men det er framleis ikkje veldig
overbevisande forsøk. Rett nok har vi hatt nokre kraftige regnskyll, og heftig
tordenvêr, men det er framleis ganske så varmt, og sola skin stort sett kvar
dag frå tilnærma skyfri himmel. Men takka vere det vatnet som har komme frå
himmelen, er det i ferd med å bli mykje grønnare, og likne meir på det landet
vi kom til i januar for over ti månader sidan. For ikkje å snakke om at det er mykje mindre støv i lufta, og no kan vi igjen sjå Mosambik på andre breidda av Malawisjøen.
Elles går no dagane som dei har gjort, med jobb,
matlaging, lesing, krangling med internett, filmar på det flotte
heimekinoanlegget, og litt for hyppige turar til Lilongwe. Denne veka får eg
hugse korleis det er å vere fotgjengar, ettersom ein bil er på tur med Thomas
(som verkeleg har fått det travelt i det siste når alt ser ut til å ordne seg
på ein gong; les meir om det på bloggen til Thomas og Cecilie, som eg ikkje får til å lenke til, fordi internett alltid er i det vanskelige hjørnet om dagen), og den andre er på verkstad. Det kjennast
skummelt og vanskelig å skulle komme seg rundt utan bil, for ikkje snakke om
varmt og med fare for å ankomme jobb som ei drukna katte, men eigentleg er det
ganske fint. Det er godt å gå litt, og dessutan er sykkeltaxi eit strålande
framkomstmiddel.
På jobb er vi i ferd med å nærme oss årsslutt,
årsmøte og årsrapportar, så her gjerast det opp status over litt av kvart. Noko
av det vi heldigvis endelig har fått starta opp, er eit prosjekt eg har jobba
med sidan mars: musikkskule på kultursenteret! Det er utrolig tilfredsstillande
å sjå faktiske resultat av noko av det eg har jobba med her nede. Ting tar tid,
og er usedvanleg tungvint, men det er godt å få stadfesta at det hjelper å
ikkje gi opp.
Ei veke kvar månad skal tre unge, norske musikarar
komme til Nkhotakota og undervise elevar. Dei held til vanleg til i Lilongwe,
der dei er på utveksling med Musikk og Ungdom og Music Crossroads Malawi,
finansiert av Fredskorpset sitt Ung-program. No er dei her for andre gang, og
vi har stor tru på at dette kjem til å bli veldig bra. Neste gang dei kjem vil
vi til og med ha eigne instrument som dei kan bruke i undervisninga, og som
elevane kan øve på mellom besøka. I alle fall om vi klarer å få dei frigitt frå
flyplassen i Lilongwe, men med hjelp frå velvillig innstilte tilsette på den
norske ambassaden, har eg trua. Og etter to og ein halv månad for å få alt i
orden med bestillinga, og nesten 50 e-postar fram og tilbake, er det uaktuelt å
gi seg no. Oppdatering kjem, seinast når instrumenta er på plass. Håpar alle
har ei strålande adventstid så lenge!